John Griggs Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Griggs Thompson
John Griggs Thompson.jpg
Fødd 13. oktober 1932
Ottawa
John Griggs Thompson på Commons

John Griggs Thompson (fødd 13. oktober 1932) er ein amerikansk matematikar.

Han er professor ved University of Florida i USA. Thompson tok doktorgraden ved University of Chicago i 1959, og var så tilsett same stad. Han vart professor her i 1962. Frå 1970 til 1993 var han professor i matematikk ved University of Cambridge i Storbritannia, og har sidan 1993 vore professor ved University of Florida. Han er for tida professor emeritus i matematikk ved University of Cambridge.

Thompson har motteke fleire internasjonale prisar for bidraget sitt til matematikken, mellom anna Fieldsmedaljen i 1970. I 2000 fekk han American National Medal of Science av president Bill Clinton og i 2008 Abelprisen saman med Jacques Tits for prestasjonane deira innan algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori. Thompson har òg gjeve teoriar for kodar og bidrag innan såkalla Galois-teori.

John Griggs Thompson er æresdoktor ved universiteta i Illinois, Yale, Oxford og Ohio State.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]