Arthur Rimbaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Rimbaud

Statsborgarskap Frankrike, Det andre franske keiserdømme, Den tredje franske republikken
Fødd 20. oktober 1854
Charleville
Død

10. november 1891 (37 år)
Marseille

Yrke lyrikar, våpenhandler, oppdagar, globetrotter, militær
Religion katolisisme
Far Frédéric Rimbaud
Mor Vitalie Rimbaud
Signatur
Arthur Rimbaud på Commons

Jean Nicolas Arthur Rimbaud (20. oktober 185410. november 1891) var ein fransk poet som vart fødd i Charleville i Ardennes, nordaust i landet. Han vart fødd som det andre barnet i familien, og fekk sidan tre småsysken. Faren var infanterikaptein, og var berre heime hjå familien når han hadde permisjon. Slik gjekk han glipp av både barnefødslene og dåpsseremoniane til borna. Frå og med 1860 slutta faren med å koma heim på perm. Paret skilde seg aldri, men mora kalla seg heretter «enkjefru Rimbaud» og faren presenterte seg som enkjemann.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arthur Rimbaud fekk ei katolsk oppseding, og gjekk til nattverd fyrste gongen elleve år gamal. Same året vart han send til Collège de Charleville, der han gjorde det svært bra i alle fag bortsett frå matematikk og naturfaga. Han vann åtte fyrstepremiar for skulearbeidet sitt i 1869 og sju til i 1870. Mora skaffa no privatlærar til guten; fader Ariste Lhéritier som støtta opp om dei diktariske evnene hans, både på fransk og latin. Rimbaud fekk sett sitt fyrste dikt på trykk i 1870, det var "Les Étrennes des orphelins" - «Nyårsgåvene til dei foreldrelause». I 1870 vart Georges Izambard tilsett som ny retorikklærar ved Collège de Charleville. Izambard fekk mykje å seia som litterær mentor for den unge Rimbaud.

den fransk-prøyssiske krigen braut ut same året, vart Collège de Charleville omgjort til militærsjukehus. Arthur Rimbaud kjende seg rastlaus og hoppa på toget til Paris utan å ha pengar til billetten. Då toget kom fram, vart han arrestert og sett i fengsel. Rimbaud skreiv no eit brev til Izambard der han trygla om hjelp, og Izambard ordna det slik at guten vart lauslaten og overgitt i hans varetekt. Izambard tok Rimbaud tilbake til mor si, men det gjekk ikkje meir enn ti dagar før han flykta heimefrå på ny. Seint i 1870 hadde oppførselen hans vorte opprørsk; han drakk, stal bøker og sparte til langt hår. I 1871 forsøkte Rimbaud å skriva til fleire franske poetar, og skreiv til slutt til symbolisten Paul Verlaine, som han sende fleire av dikta sine, inkludert det hypnotiske "Le Dormeur du Val" - «Den sovande i dalen». Verlaine svara med å ynskja Rimbaud velkomen og betalte billetten hans til Paris.

Livet med Verlaine[endre | endre wikiteksten]

Verlaine var på denne tida gift og venta barn med den 17 år gamle kona si, men hadde nyleg slutta i jobben og teke til å drikka mykje. Han og Rimbaud førte eit vilt og stormfullt liv i byen samtidig som Rimbaud skreiv slåande god poesi. Verlaine forlét til slutt familien sin og drog til London med Rimbaud i 1872. Her levde dei i fattigdom, men fekk noko pengar frå mor til Verlaine og tente litt på undervisning. Rimbaud sat mykje i Reading Room i British Museum, der det var «gratis varme, lys, pennar og blekk». Rimbaud angra seinare på tida i London.

Det utvikla seg ein stadig bitrare tone mellom Verlaine og Rimbaud, og i juni 1873 drog Verlaine åleine tilbake til Paris. Allereie 8. juli telegraferte han til Rimbaud og bad om å møtast på Hotel Liége i Brussel. Rimbaud kom, men diktarane krangla konstant og Verlaine drakk mykje. Den 10. juli gjekk han til innkjøp av ein revolver og ammunisjon, og rundt kl. 16 den dagen fyrte han av to skot mot Rimbaud, sterkt påverka av alkohol. Ei av kulene trefte Rimbaud i handleddet. Fyrst klaga Rimbaud Verlaine for drapsforsøk, men han trekte seinare klagen attende, slik at Verlaine berre vart dømt til to år i fengsel for å ha skadd Rimbaud med skytevåpen. Arthur Rimbaud reiste no heim til Charleville, der han fullførte prosaverket Une Saison en Enfer - «Ei årstid i helvete». Verket inneheld klare referansar til forholdet til Verlaine.

Reiser, sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

I 1874 budde Rimbaud i London saman med poeten Germain Nouveau, der han fullførte Illuminations. Han møtte Paul Verlaine for siste gong i Stuttgart året etter. Verlaine hadde no sona ferdig og vendt om til katolisismen, men Rimbaud hadde på denne tida gjeve opp skrivinga. I åra som fylgde, var han mykje på reise til fots rundt i Europa. Han meldte seg så til den nederlandske kolonihæren for å få fri tilgang til øya Java i det som då heitte Nederlandsk Austindia. Seinare arbeidde han som formann i eit steinbrot i LarnakaKypros. I 1879 måtte han forlata øya og venda heim til Frankrike grunna sjukdom. I Frankrike kunne ein slå fast at han hadde tyfus.

Året etter drog han til hamnebyen Aden i Jemen for å arbeida for firmaet Bardey. Han fortsette arbeidet for same selskapet i Harar i Etiopia, men i 1884 slutta han i jobben og slo seg opp som sjølvstendig handelsmann av våpen og kaffi med meir. I Harar stifta han ein nær venskap med guvernør Ras Makonnen, far til Haile Selassie.

I februar 1891 var Rimbaud i Aden, men utvikla stadig sterkare smerter i høgre kneet av det han trudde var leddgikt. Den 8. mai reiste han med dampskip tilbake til heimlandet for å få behandling, ei reise som varte 13 dagar. Vel framme i Marseille vart han innlagt på sjukehus, der beinet vart amputert ei veke seinare. Etter operasjonen vart det diagnostisert med beinkreft. Etter ein månads opphald på familiegarden i Roche (23. juli - 23. august), sette han seg føre å reisa tilbake til Afrika. På vegen vart helsa hans dårlegare, og han måtte atter leggjast inn på same sjukehuset i Marseille. Her var han ei tid i store smerter saman med systera Isabelle, før han endeleg døydde av kreft den 10. november 1891, 37 år gamal. Han ligg gravlagt i Charleville.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Arthur Rimbaud vert i dag rekna til dekadanserørsla og var ein føregangsmann for surrealismen. Nokre av tekstane hans er beint fram uforståelege, kanskje er meininga at dei ikkje skal ha noka meining.[1] Både det ville kunstnarlivet hans og poesien har inspirert artistar frå mange ulike miljø, m.a. Pablo Picasso, Dylan Thomas, Allen Ginsberg, Bob Dylan, Patti Smith, Van Morrison, Penny Rimbaud og Jim Morrison. Livet hans har vorte filmatisert fleire gonger, mest kjend er kanskje filmen Total Eclipse frå 1995, der Leonardo DiCaprio spelar Rimbaud og David Thewlis Verlaine. Forholdet mellom poetane vert i filmen skildra som eit turbulent kjærleiksforhold.[2]

Tekstane etter Rimbaud finst også i norske gjendiktingar: Spinn etter Rimbaud (1946) av Rolf E. Stenersen, Illuminasjoner (1981) av Arne Kjell Haugen og Jan Jakob Tønseth, Illuminasjoner (1994) av Karin Haugane samt Ein båt i rus og andre dikt (1994) og Årstid i helvete (2002), begge på nynorsk ved Haakon Dahlen.[3] Doktorgradsavhandlinga til litteraturprofessor Atle Kittang tok for seg diktinga til Arthur Rimbaud.[4]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Le Soleil Était Encore Chaud (1866)
  • Poésies (ca. 1869–1873)
  • Soleil et chair (1870)
  • Le bateau ivre (1871)
  • Proses Évangeliques (1872)
  • Une Saison en Enfer (1873)
  • Illuminations (1874)
  • Lettres (1870–1891)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]