Jaroslav Soukup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaroslav Soukup

2018-01-06 IBU Biathlon World Cup Oberhof 2018 - Pursuit Men 113.jpg

Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 12. juli 1982
Nový Jičín, Jičín
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, fitness professional

Jaroslav Soukup (fødd 12. juli 1982) er ein tsjekkisk tidlegare skiskyttar frå Jičín. Han vann ein bronsemedalje i verdsmeisterskapen 2012 og ein ny bronse året etter. I Vinter-OL 2014 tok han både ein sølvmedalje og ein bronse.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Med eitt tilleggsminutt kneip Soukup bronsen på 20 km under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding. Han slo fjerdemann Andreas Birnbacher med 0,8 sekundar og var høvesvis 5,3 og 12,3 sekundar bakom vinnarane av sølv- og gull. Året etter, då VM i skiskyting 2013 fann stad i Nové Město na Moravě i heimlandet, gjekk Soukup ein av etappane for tjekkiske laget som vann bronsen på mixstafetten. Under dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji sikra dei same fire tsjekkiske skiskyttarane; Veronika Vítková, Gabriela Soukalová, Soukup og Ondřej Moravec, seg sølvmedalje på mixstafetten, eit drygt halvminutt bakom det norske gullmannskapet. 11 dagar tidlegare overraska Soukup med å vinne OL-bronsen på 10-kolometeren, 0,7 sekund føre Anton Sjipulin frå Russland. Ole Einar Bjørndalen vart olympiameister i øvinga, framom austerrikaren Dominik Landertinger, dei to gjekk høvesvis 5,7 og 4,4, sekundar fortare enn Soukup.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]