Jean-Luc Ponty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean-Luc Ponty
Jean-Luc Ponty 2008 by Guillaume Laurent.jpg
Jean-Luc Ponty ved Nice Jazz Festival 2008
Verkeleg namn Jean-Luc Ponty
Fødd 29. september 1942 (75 år)
Avranches
Instrument

Fiolin, elektrisk fiolin, klarinett, saksofon, piano

Sjanger Jazz, jazzfusion, bebop
Aktive år 1958 til i dag
Yrke Musikar, komponist
Tilknytte artistar John McLaughlin, Mahavishnu Orchestra, Svend Asmussen, Frank Zappa, Stéphane Grappelli, Stuff Smith, Al Di Meola, Stanley Clarke, Gerald Wilson, Elton John, Niels-Henning Orsted Pedersen, Bela Fleck, Return to Forever
Plateselskap Atlantic, Columbia, Blue Note, Prestige, Philips, Epic, Koch, Polygram, J.L.P. Produksjons, Inc.
Nettstad http://www.ponty.com/

Jean-Luc Ponty (fødd 29. september 1942) er ein fransk virtuos fiolinist og jazzkomponist.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ponty var fødd inn i ein familie med klassiske musikarar den i Avranches i Frankrike. Faren lærte han fiolin og mora lærte han piano. 16 år gammal kom han inn på Conservatoire National Supérieur de Musique de Paris, og kom ut to år seinare med høgaste karakterar, Premier Prix. Han vart så henta inn av det store symfoniorkesteret Concerts Lamoureux, og spelte der i tre år.[1]

Medan han spelte i orkesteret i Paris, spelte Ponty klarinett (som faren hadde lært han) for eit college-jazzband på lokale festar. Han interesserte seg stadig meir for jazz og Miles Davis og John Coltrane, og byrja å spele tenorsaksofon. Ein kveld etter ein orkesterkonsert, møtte han opp på ein lokal klubb framleis i smokingen sin, og hadde berre med seg fiolinen. I løpet av fire år vart han anerkjend som ein av dei aller beste jazzfiolinistane.

På den tida levde Ponty eit delt liv, med å øve og spele saman med orkesteret, i tillegg til å spele jazz til kl. 3 om natta på klubbar i Paris. Etter kvart måtte han ta eit val og tok ein sjanse på jazz-retninga.

Suksess med fiolinen[endre | endre wikiteksten]

Først var fiolinen eit handikap for Ponty og få innsåg at instrumentet hadde ein plass i moderne jazz. Ponty utmerkte seg med be-bop-aktige fraseringa og ein hardtslåande stil påverka av blåsarar. Kritikarane sa på den tida at han var den første jazzfiolinisten som var like spanande som saksofonisten.[treng kjelde] Ryktet til Ponty voks med store spran og i 1964, 22 år gammal, gav han ut det første soloalbumet sitt for Philips, Jazz Long Playing. I 1966 gav han ut konsertalbumet Violin Summit der Ponty spelte i Basel i Sveits i lag med kjende fiolinistar som Svend Asmussen, Stéphane Grappelli og Stuff Smith.

John Lewis frå The Modern Jazz Quartet inviterte Ponty til å spele på Monterey Jazz Festival i 1967, som førte til ein amerikansk platekontrakt med World Pacific og albuma Electric Connection med Gerald Wilson Big Band og Jean-Luc Ponty Experience with the George Duke Trio. Det året gav han òg ut Sunday Walk, det første samarbeidet med Niels-Henning Orsted Pedersen. Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra vart han hylla over heile Europa.

Frank Zappa og flytting Amerika[endre | endre wikiteksten]

I 1969 komponerte Frank Zappa musikken for soloalbumet til Ponty, King Kong (World Pacific). I 1972 inviterte Elton John Ponty med på albumet Honky Chateau. I løpet av eitt år ønskte Frank Zappa han med på turné med Mothers of Invention og Ponty flytta med kona og to unge døtrer til Amerika og Los Angeles. Han heldt fram å arbeide på forskjellige prosjekt - mellom anna for John McLaughlin, Mahavishnu Orchestra (Apocalypse og Visions of the Emerald Beyond) fram til 1975, då han signerte solokontrakt med Atlantic Records.

Det neste tiåret turnerte Ponty verda og spelte inn 12 album som alle nådde Topp 5på Billboard jazz charts og selde millionar av eksemplar. Tidlege Atlantic-innspelingar som Aurora i 1976 og Imaginary Voyage gjorde han til ein frontfigur for den gryande jazzrock-rørsla i Amerika. Han nådde Topp 40 i 1977 med Enigmatic Ocean og igjen i 1978 med Cosmic Messenger. I 1984 fekk han laga ein musikkvideo med intervallfotografering produsert av Louis Schwarzberg for songen «Individual Choice». I lag med Herbie Hancock vart Ponty ein av dei første jazzmusikarane som laga ein musikkvideo.

I 1995 vart Ponty med gitaristen Al Di Meola og bassisten Stanley Clarke for å spele inn eit akustisk album kalla The Rite of Strings. Dei turnerte så seks månader verda over. Dei vart samla saman att i april 2012 for fleire konsertar.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Jean-Luc Ponty er gift og har to døtrer. Eine dottera, Clara Ponty, er ein suksessrik pianist og komponist og han har samarbeidd med ho på fleire prosjekt, som det seinaste albumet hennar, Mirror of Truth.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

Med Mahavishnu Orchestra[endre | endre wikiteksten]

Med Stéphane Grappelli[endre | endre wikiteksten]

Med Stanley Clarke & Al Di Meola[endre | endre wikiteksten]

Med andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 - L. Subramaniam: Violin From the Heart. Regissert av Jean Henri Meunier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Home | Jean Luc Ponty Official Website». Ponty.com. http://www.ponty.com/index.php?section=biography. Henta 1. juni 2014. 
  2. New Fiolin SummitAllmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]