Hot Rats

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hot Rats
Studioalbum av Frank Zappa
Utgjeve 10. oktober 1969
Innspelt 18. juli - 30. august 1969
T.T.G., Los Angeles
Sunset Sound, Los Angeles
Whitney Studios, Glendale
Lengd 47:15
43:21 (2008/2012 remaster)
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Mothermania
(1969)
Hot Rats Burnt Weeny Sandwich
(1970)
Singlar frå Hot Rats
  1. «Peaches en Regalia»
    Utgjeve: 1970
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert Christgau C[2]
Yahoo! Music (positiv)[3]
All About Jazz (særs positiv)[4]

Hot Rats er det andre soloalbumet til Frank Zappa. Det kom ut i oktober 1969. Fem av seks songar på albumet er instrumentale («Willie the Pimp» inneheld ein kort vokaldel av Captain Beefheart). Det var det første innspelingsprosjektet til Zappa etter at han oppløyste det originale Mothers of Invention. I det originale plateomslaget skildra Zappa albumet som «ein film for øyrene dine».

Fordi Hot Rats fokuserer på instrumentale jazz-aktige komposisjonar med lange soloar, er musikken særs forskjellig frå tidlegare Zappa-album, som hovudsakleg er satiriske vokale songar med mykje bruk av musique concrète og redigering. Multi-instrumentalisten Ian Underwood er det einaste medlemmet att frå the Mothers som er med på albumet og var hovudsamarbeidspartnaren til Zappa på albumet. Andre musikarar på albumet er Max Bennett og Shuggie Otis på bass, trommeslagarane John Guerin, Paul Humphrey & Ron Selico, og fiolinistane Don «Sugarcane» Harris og Jean-Luc Ponty.

Dette var det første Zappa-albumet som vart spelt inn på 16-sporsutstyr og eit av dei første albuma som nytta den teknologien. Maskinar med 16 individuelle spor gjorde at ein hadde meir fleksibilitet og overdubbing en profesjonelle 4- og 8-spors bandopptakarar som var standard i 1969.

Albumet var dedisert til den nyfødde sonen til Zappa, Dweezil Zappa. I februar 2009, vann bandet til sonen, Zappa Plays Zappa, ein Grammy-pris for beste rockeinstrument for utgåva deira av «Peaches en Regalia».[5]

I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet sett på 13. plass på lista «40 Cosmic Rock Albums».[6] Det finst òg i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[7]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Zappa komponerte, arrangerte og produserte albumet sjølv. Hovudinstrumentet hans på albumet er sologitar. «Willie the Pimp», «Son of Mr. Green Genes» og «The Gumbo Variations» syner den mektige og uvanlege gitarstilen hans. Fire av spora har intrikate arrangement med mange overdubbar av Ian Underwood. Underwood spelar partane til kring åtte til ti musikarar, ofte samstundes. Arbeidet hans omfatta kompliserte delar med piano og orgel, i tillegg til mange fløyter, klarinettar og saksofonar.

Songen «Peaches en Regalia» er breitt anerkjend som ein moderne jazzfusion-standard og er ein av dei mest kjende songane til Zappa. Zappa spelar ein kort solo på eit instrument omtalt som ein oktav-bass, som er ein vanleg bassgitar spelt inn på halv snøggleik så han høyres ut som ein oktav høgare når han vert spelt av med vanleg snøggleik. Underwood medverkar med fløyter og mange saksofonar, klarinett og klaverinstrument. Zappa spelte seinare songen mykje på konsertane sine. Han har vorte tolka av mange andre jazz- og rockeartistar som Phish, the Dixie Dregs og Frogg Café.

«Willie the Pimp» er ein rockesong med vokal av venen til Zappa, Captain Beefheart. Han har fiolin av Don «Sugarcane» Harris og gitarsoloar av Zappa i det som verkar som ein jam, redigert for utgjevinga. Tittelen Hot Rats kjem frå teksten i denne songen.

«Son of Mr. Green Genes» er ein instrumental versjon av songen «Mr. Green Genes» frå Mothers-albumet Uncle Meat. Den uvanlege tittelen førte til ei vandresoge om at Zappa var i slekt med karakteren Mr. Green Jeans frå fjernsynsshowet Captain Kangaroo. Dette er den einaste songen på albumet som inneheld både intrikate hornseksjonar og lange gitarsoloar.

«Little Umbrellas» som har ein liknande stil som «Peaches», er ein kort, forsiktig arrangert melodi med mange klaver- og blåseinstrument-overdubbar av Underwood.

«The Gumbo Variations» er òg ein jam med tenorsaksofonsolo av Underwood og nokre fingerneme elektriske fiolin-parti av Don «Sugarcane» Harris i tillegg til ein gitarsolo av Zappa. CD-utgåva betår av ein lengre versjon med delar som vart redigert vekk for LP-versjonen. Han inneheld ein kort dialog i starten der Zappa fortel musikarane korleis han ønskjer å starte songen.

«It Must Be a Camel» er òg ein intrikat arrangert melodi med mange blåseinstrument og klaverinstrument av Underwood. Den særs uvanlege melodien i songen er særs rytmisk og gjev ofte store melodiske sprang. Tittelen kom frå at desse spranka likna på «puklar» når ein såg på notearka. Innspelinga inneheld fiolin av Jean-Luc Ponty.

Ei innspeling frå Hot Rats-innspelinga kalla «Bognor Regis» skulle gjevast ut som B-side til ein redigert versjon av «Sharleena», eit spor frå Zappa-albumet Chunga's Revenge frå 1970. Singelen vart kansellert og ein acetatdisk-kopi vart lekka til publikum og songen finst på bootleggar av Zappa. Songen vart kalla opp etter Bognor Regis, ein by på sørkysten av England. Musikalsk er «Bognor Regis» ein enkel bluesinstrumental med elektrisk fiolinsolo av Don «Sugarcane» Harris. Ein annan song som vart spelt inn under innspelingane var «Twenty Small Cigars», som seinare kom ut på Chunga's Revenge.

Avanserte innspelingsteknikkar[endre | endre wikiteksten]

Zappa nytta avansert opptaksutstyr til å skape eit album som var av høg teknisk og musikalsk kvalitet. Albuemt vart spelt inn av det som Zappa skildra som eit «heimelaga 16-sporsopptakar». Maskinen vart bygd av teknikarar ved TTG Studios i Hollywood seint i 1968. Med fleire spor kunne Zappa legge til fleire horn og klaverinstrument spelt av Ian Underwood. Berre nokre få musikarar måtte til for å skapte den særleg rike instrumentale teksturen som fekk det til høyrast ut som eit stort ensemble. Det var denne bruken av avansert overdubbing som var hovudmotivasjonen til Zappa, som hata å spele i studio.[8]

Zappa var av dei første til å spele inn trommer på fleire spor. Dette gjordee at ein kunne skape trommer med stereolyd. Før dette vart som regel heile trommesettet spelt inn på eit enkelt (mono) spor på ein 8-sporsopptakar. På Hot Rats var derimot fire av spora nytta til trommene, mellom anna eigne spor for skarptromma og basstromma og venstre- og høgrespor for andre trommer og cymbalar. Med dette oppsettet hadde lydteknikaren ein kontroll over lyden av trommene i den endelege miksen som ingen hadde hatt før. Denne teknikken vart mykje imitert sidan og vart normalen tidleg i 1970-åra då maskinar med 16 spor vart meir tilgjengeleg.

Zappa var òg først ute med å nytte lydbandmanipulering for å skape uvanlege klangfargar. På «Peaches en Regalia», «Son of Mr. Green Genes» og «It Must Be a Camel» speler Zappa «perkusjon på dobbel snøggleik.» etter innspelinga vart grunnspor (trommer, bass, gitar og piano, etc.) spelt med låg snøggleik på opptakaren, medan Zappa la på fleire trommer. Når dette vart spelt av normamlt att, gjekk overdubbane dobbelt så raskt og tonehøgda var dobbelt så høg. Dette gav somme av trommeoverdubbane ein surrealistisk og komisk kvalitet, som leiketrommer.

Andre instrument vart handsama på same måte, som klaverinstrument, saksofonar og bass. Zappa er kreditert med «oktavbass» (ein bassgitar spelt på dobbelsnøggleik)—noko som fekk det til å høyrast ut som ein gitar, men som i følglje Zappa hadde meir «slag» og energi. I tillegg var handsama elektrisk orgel ein del av orkesteret i lag med ensemblet av treblåseinstrument og piano. «It Must Be a Camel» inneheld ein lyd av ein hard plastikkam som vert stroken. Zappa 'spelte' og ein sperrenøkkel som perkusjon på «Willie the Pimp». Dette vart gjort med analog teknologi, meir enn 10 år før moderne digital teknologi kunne gjere det same.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Den fargerike, psykedeliske auraen frå slutten av 60-talet kjem fram i det plateomslaget til Hot Rats, sjølv om Zappa sjølv mislikte den psykedeliske rørsla. På denne tida var brettbare omslag varnlegvis berre nytta for dobbeltalbum, men dette albumet hadde eit slikt omslag. Biletet på framsida av Andee Cohen Nathanson, nyttar infraraud fotografi og syner smaken Zappa hadde for visuelt slåande uttrykk, kombinert med absurd humor. Kvinna på omslaget er «Miss Christine» Frka frå The GTOs.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

LP-versjonen vart gjeven ut med blå Bizarre Records-etikett i 1969. I 1973 kom albumet ut på ny på Reprise Records. Reprise-versjonen vart sletta tidleg i 1980-åra då Zappa-kontrakten med Warner Bros. Records enda. Innsida av det originale omslaget hadde ein collage av fargebilete, som hovudsakleg vart tekne under innspelinga. På den første CD-utgåva var mange av desse fjerna, og dei få som vart tekne med vart trykt i svartkvit. Utgåva frå 1995 hadde heile omslaget med.

I 1987 miksa Zappa Hot Rats på ny for CD. «Willie the Pimp» er redigert forskjellig under introduksjonen og gitarsoloen. «The Gumbo Variations» er 4 minuttar lenger og inneheld ein introduksjon og ein saksofonsolo som ikkje var med på vinylutgåva. Piano og fløyte som var gravlagd i miksen på «Little Umbrellas» er meir markant på CD-utgåva. Andre skilnader er den totale atmosfæren og dynamikken. Ein remaster frå 2008 av den origniale miksen vart nytta for ei audiofil LP-utgåve som kom i 12009 og for ei nyutgjeving på CD i 2012.[9]

Albumet nådde ikkje lista i USA, men Topp 10 både i England og Nederland i 1969-70.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Peaches en Regalia»   3:38
2. «Willie the Pimp»   9:21
3. «Son of Mr. Green Genes»   8:58
Side to
# Tittel Lengd
4. «Little Umbrellas»   3:06
5. «The Gumbo Variations»   16:53
6. «It Must Be a Camel»   5:15
47:15

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Sjefsteknikar: Dick Kunc
  • Lydteknikarar: Cliff Goldstein, Jack Hunt, Brian Ingoldsby, Dick Kunc
  • Arrangør: Frank Zappa
  • Plateomslag: Cal Schenkel
  • Design: Cal Schenkel, John Williams

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1969 Pop Albums 173

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve (2011). «Hot Rats - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r22632. Henta 31. mai 2014. 
  2. Christgau, Robert (januar 29, 1970), «Consumer Guide (7)», The Village Voice (New York), http://www.robertchristgau.com/xg/cg/cg7.php, henta 31. mai 2014 
  3. yahoo
  4. MacLaren, Trevor (31 mars 2003). «Frank Zappa: Hot Rats». allaboutjazz.com. http://www.allaboutjazz.com/php/article.php?id=239. Henta 31 mars 2013. 
  5. «Frank Zappa: Biography». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/artists/frank-zappa/biography. Henta 31. mai 2014. 
  6. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  7. 1001 Albums You Must Hear - 2008 Edition
  8. 8,0 8,1 Neil Slaven (2003-03-01). Electric Don Quixote. ss. 141–144. ISBN 978-0-7119-9436-2 
  9. http://theseconddisc.com/2012/07/30/would-you-go-all-the-way-zappa-reissues-arrive-and-details-emerge-next-batch-announced/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]