Don «Sugarcane» Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don «Sugarcane» Harris
Verkeleg namn Don Francis Bowman Harris
Fødd 18. juni 1938
Pasadena
Død

30. november 1999 (61 år)
Los Angeles

Instrument vokal, elektrisk fiolin, fiolin, gitar, orgel
Sjanger Rock and roll, R&B
Aktive år 1960-åra - 1999
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Tupelo Chain Sex, Frank Zappa, John Mayall & the Bluesbreakers, Pure Food and Drug Act
Plateselskap Specialty
Nettstad www.sugarcane-harris.com/

Don Francis Bowman Harris (18. juni 193827. november 1999), kjend som Don «Sugarcane» Harris, var ein amerikansk rock and roll-fiolinist og gitarist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Harris vart fødd og voks opp i Pasadena i California og starta eit band kalla Don and Dewey med barndomsvenen Dewey Terry i midten av 1950-åra. Sjølv om dei vart spelt inn av Art Rupe på hans Specialty Records, ved hjelp av den legendariske trommeslagaren Earl Palmer, hadde ikkj Don and Dewey nokre hittar. Men i lag skreiv dei tidlege rock and roll-klassikarar som «Farmer John», «Justine», «I'm Leaving It Up to You» og «Big Boy Pete», som alle vart hittar for andre artistar.

Harris fekk kallenamnet «Sugarcane» av bandleiaren Johnny Otis og det vart hengande ved han resten av livet.

Etter å ha brote med Dewey Terry i 1960-åra, spelte Harris nesten berre elektrisk fiolin. Han dukka opp som sidenmann med John Mayall & the Bluesbreakers og Frank Zappa, mellom anna på Hot Rats, og Mothers of Invention-albuma Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh. Solovokalen hans og blues-fiolinsoloaen på Little Richard sin «Directly From My Heart to You» på Weasels, og den lange soloen hans på «Little House I Used To Live In» på Weeny vert rekna blant høgdepunkta på desse albuma. Visstnok vart han redda frå fengsel av Zappa. Zappa hadde lenge beundra spelinga til Harris og betalte kausjonen for han i fengsel, hjelpte karrieren hans på fote att og gav han ein lang periode med kreativitet for den gløymde fiolinvirtuosen. Han spelte fleire konsertar med Zappa i 1969.

Tidleg i 1970-åra fronta Sugarcane Pure Food and Drug Act i lag med trommeslagaren Paul Lagos, gitaristane Harvey Mandel og Randy Resnick, og bassisten Victor Conte, som starta Bay Area Laboratory Co-operative (BALCO). Conte erstatta Larry Taylor som var den originale bassisten. Det første soloalbumet hans (med omslag av Rick Griffin) er eit gløymd meisterverk i blues, jazz og funk,[treng kjelde] og konsertalbumet frå 1973, Sugarcane's Got The Blues, innspelt ved Berlin Jazz Festival syner Sugarcane på sitt beste.[treng kjelde]

I 1980-åra var Sugarcane medlem av det Los Angeles-baserte eksperimentelle rockebandet Tupelo Chain Sex.

Harris døydde den 27. november 1999 i Los Angeles.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Don „Sugarcane“ Harris – 1970
  • Keep On Driving – 1971
  • Fiddler On The Rock – 1971
  • Choice Cuts – 1972
  • Sugar Cane’s Got The Blues – 1973
  • Keyzop – 1973
  • Cup Full Of Dreams – 1974
  • I’m On Your Case – 1974
  • Key Stop – 1975
  • Flashin' Time – 1976
  • Anthology Volume One – 2001
  • Cup Full Of Dreams CD – 2011

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

  • John Lee Hooker: Born In Mississippi – 1973
  • Sonny Terry & Brownie McGhee: Sonny & Brownie – 1973
  • Frank Zappa: Apostrophe (') – 1974
  • Don & Dewey: Don And Dewey – 1974
  • Spud: Happy Handful – 1975
  • John Mayall: New Year, New Band, New Company – 1975
  • John Mayall: Notice To Appear – 1975
  • John Mayall: Banquet In Blues – 1976
  • Billy Bang: Changing Seasons – 1980
  • Tupelo Chain Sex: Ja-Jazz – 1983
  • Tupelo Chain Sex: Spot The Difference – 1984
  • Don & Dewey: Bim Bam! – 1985
  • John Mayall: Archives To Eighties – 1988
  • Don & Dewey: Jungle Hop – 1991
  • John Mayall: Room To Move (1969–1974) – 1992
  • Freddie Roulette: Sweet Funky Steel – 1993
  • John Mayall: Cross Country Blues – 1994
  • Frank Zappa: The Lost Episodes – 1996

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pareles, Jon (desember 10, 1999). «Don Harris, 61, A Versatile Master Of Rhythm and Blues (obituary)». New York Times. pp. C19. http://www.nytimes.com/1999/12/10/arts/don-harris-61-a-versatile-master-of-rhythm-and-blues.html. Henta 1. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]