Jean-Auguste-Dominique Ingres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean-Auguste-Dominique Ingres
Ingres, Self-portrait.jpg
Fødd 29. august 1780
Montauban
Død

14. januar 1867
Paris

Sjanger historiemåleri, portrettmåleri, nude, portrett, Orientalism

Jean-Auguste-Dominique Ingres (29. august 178014. januar 1867) var ein fransk målar. Han høyrde til seinklassisismen i europeisk målarkunst.

La Grande Odalisque, 1814

Han var fødd i Montauban sørvest i Frankrie, fekk utdanninga si ved akademiet i Toulouse, og drog til Paris i 1796 for å studera målarkunst under Jacques-Louis David. Etter kort tid forlét han atelieret til læraren på grunn av ei konflikt om målarstil. Ingres var mellom anna meir oppteken av konturar og liner enn læraren sin.

Han vann Prix de Rome i 1801. Meisterverket hans, Grande Odalisque, som syner ei haremsjente med for mange ryggvirvlar, er utstilt i Louvre.

Ingres er gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Det franske uttrykket «violon d'Ingres», om ein hobby, kjem frå Ingres sin vane med å spela fiolin for å kopla av frå målararbeidet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]