Jean Redpath
Jean Redpath | |||
Fødd | 28. april 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Død | 21. august 2014 (77 år) | ||
Dødsstad | Arizona | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Elektra Records | ||
Verka som | songar, musikkpedagog | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Jean Redpath (28. april 1937–21. august 2014)[1][2] var ein skotsk folkesongar, musikar og pedagog.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Jean Redpath var fødd i Edinburgh i Skottland.[1] Ho hadde musikalske foreldre. Mor hennar kunne mange songar på skotsk, og lærte dei vekk til Jean og bror hennar, medan faren spelte dulcimer. Redpath voks opp i Leven i Fife,[3][4] og vende seinare tilbake til Edinburgh, der ho tok mellomalderstudium ved University of Edinburgh.[5] For å tena pengar i studietida song ho for småpengar og tok deltidsarbeid som køyrelærar og assistent for eit gravferdsbyrå.[6]
Den skotske diktaren og folkesongsamlaren Hamish Henderson arbeidde ved School of Scottish Studies ved universitetet, og Redpath fatta sterk interesse for arkivet med opptak av tradisjonsmusikk og -songar. Ho lærte rundt 400 songar, i lag med dei munnlege overleveringane knytte til dei. I mars 1961, då ho var 24, kom ho til USA for å opptre med berre elleve dollar i lomma.[7] Ho hadde sin fyrste opptreden i San Francisco. Seinare møtte ho Ramblin' Jack Elliott og Bob Dylan i Greenwich Village. Her opptredde ho også ved Gerde's Folk City.[1] I 1963, etter ein konsert, skreiv ho platekontrakt med Elektra Records. I 1975 bytta ho til platemerket Philo. Frå 1972 til 1976 var Redpath artist-in-residence ved Wesleyan University i Middletown i Connecticut.[1] Her førelas ho om folklore, og opptredde som kulturell ressurspersonar i det lokale skulesystemet.[7]
I 1976 byrja Redpath eit prosjekt for å spela inn alle songane til Robert Burns, nokre av dei folkesongar, nokre av dei skrivne av Burns sjølv, og dei fleste ei blanding. Det var planlagt tjueto album, men det blei skrinlagt etter sju då komponisten Serge Hovey, som hadde samarbeidd med henne om prosjektet, døydde. Hovey hadde laga instrumentale arrangement for 323 songar, og Redpath meinte at ingen annan musikar kunne erstatta han. Albuma fekk gode kritikkar frå heile verda. I 1986 spelte Redpath inn Lady Nairne, ei samling songar skrivne av skotske kvinner. Her rekonstruerte ho songar som elles kunne ha gått tapt. Mellom 1974 og 1987 var Redpath jamleg gjest ved Garrison Keillor sitt radioprogram A Prairie Home Companion på APM. Ho opptredde også på Robert J. Lurtsema sitt program Morning pro musica, som blei sendt frå WGBH i Boston.[4]
Redpath drog på turnear i USA og Canada, opptredde i Sør-Amerika, Hong Kong og Australia, mellom anna Sydney Opera House, og var ofte ved Edinburgh Folk Festival. I 1977, då ein feira dronning Elizabeth II sitt kongelege jubileum, opptredde Redpath ved ein kongeleg bankett for dronninga ved Edinburgh Castle.[8]
Frå 1979 var Redpath førelesar ved University of Stirling i Skottland, men drog tidvis tilbake til Wesleyan University for å undervisa.[9] I ti år held ho kurs i skotsk song ved Scottish Song at the Heritage of Scotland Summer School ved University of Stirling.
Ho blei tildelt ein MBE i 1987, og blei utnemnd til ein Kentucky Colonel av guvernøren av Kentucky. Redpath har også fått æresdoktorat frå Royal Conservatoire of Scotland, University of Stirling og University of St Andrews, og blei teken inn i Scottish Traditional Music Hall of Fame i 2008.[6] Det heng eit portrett av Redpath, måla av Alexander Fraser, i Scottish National Portrait Gallery i Edinburgh.[7][10] I 1996 skipa ho Burns International Festival.
I 2011 vende ho tilbake til alma materet sitt for å bli artist-in-residence ved University of Edinburgh, ved Department of Celtic and Scottish Studies.[8] Ho heldt kontakten med Skottland ved å ha eit hus i Elie heile livet.[11]
Død og minne
[endre | endre wikiteksten]Redpath døydde av kreft i 2014 på eit hospits i Tucson i Arizona.
I heimbyen til Redpath, Leven i Fife, er det ei gate kalla opp etter henne: Jean Redpath Wynd.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Skipping Barefoot Through the Heather (1962) Prestige PR 13020[12]
- Scottish Ballad Book (1962) Elektra EKL 214[13]
- Laddie Lie Near Me (1963) Elektra EKL 274[13]
- Songs of Love, Lilt, Laughter (1963) Elektra EKL 224[13]
- Frae My Ain Countrie (1973) Folk Legacy FSS 49[13]
- Jean Redpath (1975) Philo PH 2015[13]
- Songs of Robert Burns vol. 1 (1976) Philo PH 1037[13]
- There were Minstrels (1977) Trailer LER 2106[13]
- Song of the Seals (1978) Philo PH 1054[13]
- Father Adam (1979) Philo PH 1061[13]
- Lowlands (1980) Philo PH 1061[13]
- Songs of Robert Burns vol. 2 (1980) Philo PH 1048[13]
- Songs of Robert Burns vol. 3 (1981) Philo PH 1071[13]
- Songs of Robert Burns vol. 4 (1981) Philo PH 1072[13]
- Haydn: Scottish Songs (1984) Philo PH 1082[13]
- Love Is Teasin' (1984)
- Love Is Teasin' (reissue)
- Songs of Robert Burns vol. 5 (1985) Philo PH 1093[13]
- The Scottish Fiddle (1985) Lismor LIFL 7009[13]
- Lady Nairne (1986)
- A Fine Song For Singing (1987)
- Songs of Robert Burns vol. 6 (1987) Greentrax TRAX 005[13]
- First Flight (1989)
- Songs of Robert Burns vol 7 (1990)
- Leaving the Land (1990)
- The Moon's Silver Cradle (1996)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (First utg.). Guinness Publishing. s. 2060. ISBN 0-85112-939-0.
- ↑ Schofield, Derek (22. august 2014). «Jean Redpath obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 15. januar 2017.
- ↑ The Songs of Robert Burns, Volumes 1 & 2. Jean Redpath. Greentrax Recordings. 1996.
- ↑ 4,0 4,1 «Jean Redpath - obituary». The Daily Telegraph. Henta 15. januar 2017.
- ↑ Schofield, Derek (22. august 2014). «Jean Redpath obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 15. januar 2017.
- ↑ 6,0 6,1 «Jean Redpath». HeraldScotland.com. Henta 15. januar 2017.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Linn Records - Jean Redpath». Linnrecords.com. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 15. januar 2017.
- ↑ 8,0 8,1 «Obituary: Jean Redpath MBE». Scotsman.com. Henta 15. januar 2017.
- ↑ Brennan, Sandra. «Biography: Jean Redpath». AllMusic. Henta 17. mai 2010.
- ↑ «Jean Redpath, 1937 - 2014. Singer and lecturer − Alexander 'Sandy' Fraser». Nationalgalleries.org. Henta 19. januar 2016.
- ↑ «LOCAL WORTHIES - Jean Redpath MBE (1937-2014)». Eliehistory.com. 6. november 2016. Henta 29. mars 2019.
- ↑ Pohle, H. (1987) Folk Record Source Book; p. 388
- ↑ 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 13,10 13,11 13,12 13,13 13,14 13,15 13,16 Pohle, H. (1987) Folk Record Source Book; p. 388
- Denne artikkelen bygger på «Jean Redpath» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jean Redpath archive at the University of South Carolina Irvin Department of Rare Books and Special Collections
- Jean Redpath ved The Internet Movie Database (IMDb)