Jenny Lind
| Jenny Lind | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 6. oktober 1820 Stockholm, Klara församling |
| Død | |
| Yrke | skodespelar, operasongar, musikkpedagog, teaterskodespelar |
| Språk | svensk, engelsk |
| Medlem av | Burschenschaft Hannovera Göttingen[*] |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
| Far | Nils Johan Lind |
| Mor | Anne-Marie Fellborg |
| Ektefelle | Otto Goldschmidt |
| Jenny Lind på Commons | |
Jenny Mari Lind (6. oktober 1820–2. november 1887) var ein svensk operasongar kjend som «den svenske nattergal». Alt som 10-åring byrja ho synge Vaudeville, og 18 år gamal debuterte ho. På grunn av overbelastning vart ho send til Paris, der ho studerte. Ho hadde engasjement både der og i Tyskland.
Då ho oppheldt seg i London slost teatera om å få henne på programmet. I 1850 la ho ut på ein årelang turné til USA. Etter at ho trekte seg tilbake frå scena, var ho knytt til Royal College of Music i London. Frå 1843 var ho venninne med H.C. Andersen, som besøkte henne i 1845 i Berlin. Ho vart gift med pianisten Otto Goldschmidt (1830-1907) i 1852. Dei slo seg seinare ned i England. Jenny Lind døydde i Malvern i 1887.
Sedelen for 50 svenske kroner har bilete av Jenny Lind.
Denne musikkartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |