Jens Kobro Daae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Kobro Daae
Fødd 22. april 1811
Død

11. januar 1897 (85 år)

Yrke prest

Jens Kobro Daae (fødd 22. april 1811 i Fana, død 11. januar 1897) var ein norsk prest. Han tok teologisk eksamen 1837, og vart kapellan hos faren i Fana samme år. Faren var den velståande presten Iver Munthe Daae (f. 1771) som var sokneprest i Lindås og seinare i Fana. Den eldre broren Claus Daae var stiftsprost i Bergen og politikar. Jens Kobro Daae vart sokneprest i Haram i 1853, der var han også ordførar. Han flytta til Bø i Telemark 1866, og gjekk av i 1878. Han var gift med søskenbarnet sitt Nicoline Friis Daae (f. 1820), som var dotter av Christen Daae (sogneprest i Lindås) og søster av Ludvig Kristensen Daa.[1] Johan Christopher Haar Daae var ein annan av onklane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.292.