Jens Schydtz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Schydtz
Fødd 14. mai 1792
København
Død

25. mai 1859
Bergen

Yrke embetsmann, politikar

Jens Schydtz (14. mai 179225. mai 1859) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.

Schydtz var fødd i København. Faren vart seinare justitiarius i Bergen, og sonen vart i 1809 student frå katedralskulen der. I 1814 vart han cand. jur. i København. År 1815 vart han fullmektig ved politiretten i Bergen, året etter hos stiftamtmannen der. I 1828 vart han assessor i stiftsoverretten i Bergen. Han vart så amtmann i Søndre Bergenhus i 1834, eit embete han hadde fram til 1850. 1850-52 var han tollinspektør i Bergen. Til sist, frå 1852 var han stiftamtmann i Bergen.

Schydtz møtte på Stortinget fyrste gongen i 1833, som 1. representant for Bergen. Sidan var han representert på alle storting fram til og med 1854. Han var president i Lagtinget på alle tingsamlingane, med unnatak for 1854. Både i 1836 og 1845 var han president i riksrett. Han var på alle ting med i militærkomiteen, formann i 1839, 1845,1848, 1851, 1854. Elles var han i 1836-37 formann i to komitear om brennevinslova.

Han døydde i Bergen i 1859.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]