Jestem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Jestem»
Singel av Magdalena Tul
Land Polen
Språk Polsk
Utgjeve 2011
Låtskrivar(ar) Magdalena Tul

«Jestem» (polsk for Eg er) er ein singel av Magdalena Tul. Songen er skriven av Magdalena Tul.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Krajowe Eliminacje 2011[endre | endre wikiteksten]

«Jestem» var eit av ti bidrag i Krajowe Eliminacje 2011, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen vart framførd på polsk av Magdalena Tul, og bidraget vann tevlinga med 44,47 prosent av røystene.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

«Jestem»
Eurovision Song Contest 2011
Land Polen
Artist(ar) Magdalena Tul
Språk Polsk
Komponist(ar) Magdalena Tul
Låtskrivar(ar) Magdalena Tul
Resultat
Semifinalepoeng 18
Semifinaleplass 19
Finalepoeng X
Finaleplass X
Polen i Eurovision Song Contest
«Legenda»
(2010)
«Jestem» «My Słowianie»
(2014)

Etter sigeren i Krajowe Eliminacje 2011 fekk «Jestem» representere Polen i Eurovision Song Contest 2011. Bidraget deltok i den fyrste semifinalen, der det enda på 19. og sisteplass med 18 poeng; fem frå Storbritannia, fire frå Georgia og Ungarn, tre frå Noreg og to frå Litauen. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på 17. plass med 25 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på 18. plass med 13 poeng. Polen gjekk ikkje vidare til finalen. Det vart rapportert at songen ville verte framførd på engelsk med tittelen «First Class Ticket to Heaven», men det var den polske versjonen som vart brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Polske songar i Eurovision Song Contest