Haba Haba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Haba Haba»
Singel av Stella Mwangi
frå albumet Kinanda
Land Noreg
Språk Engelsk og swahili
Utgjeve 28. januar 2011
Innspelt 2011
Sjanger Pop og afro-fusion
Lengd 3:00
Selskap Mwangi Records
Låtskrivar(ar) Stella Mwangi
Stella Mwangi-kronologi
«Smile»
(2010)
«Haba Haba» «Lookie Lookie»
(2011)


«Haba Haba»
Eurovision Song Contest 2011
Land Noreg
Artist(ar) Stella Mwangi
Språk Engelsk og swahili
Komponist(ar) Beyond51 og Big City
Låtskrivar(ar) Stella Mwangi
Resultat
Semifinalepoeng 30
Semifinaleplass 17
Finalepoeng X
Finaleplass X
Noreg i Eurovision Song Contest
«My Heart Is Yours»
(2010)
«Haba Haba» «Stay»
(2012)

«Haba Haba» (swahili for Litt etter litt) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framførd på engelsk og swahili av Stella Mwangi. Songen er teken med på albumet Kinanda.

Melodi Grand Prix 2011[endre | endre wikiteksten]

29. januar 2011 vann Stella Mwangi den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 og gjekk vidare til finalen 12. februar. I finalen gjekk ho vidare til gullfinalen og vann med 280 217 røyster. Det er fyrste gongen det har vorte sunge på swahili i Melodi Grand Prix.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer to i den fyrste semifinalen, etter Polen med «Jestem» av Magdalena Tul og før Albania med «Feel the Passion» av Aurela Gaçe.

Bidraget fekk ti poeng frå Island, åtte poeng frå Finland, fire poeng frå Malta, to poeng frå Sveits og Portugal og eitt poeng frå Polen, Albania, Armenia og Aserbajdsjan. Noreg fekk til saman 30 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag. Om ein berre hadde hatt telefonrøysting hadde bidraget fått 56 poeng og enda på niandeplass. Det hadde vore nok til å få ein finaleplass. Hadde ein berre hatt jury hadde bidraget fått 29 poeng og enda på 17. plass.

Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på swahili.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2011) Plassering
Flagget til Noreg VG-lista 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]