C'est ma vie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«C'est ma vie»
Singel av Evelina Sašenko
Språk Engelsk og fransk
Utgjeve 2011

«C'est ma vie» (fransk for Det er mitt liv) er ein singel av Evelina Sašenko.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

«C'est ma vie»
Eurovision Song Contest 2011
Land Litauen
Artist(ar) Evelina Sašenko
Språk Engelsk, fransk og amerikansk teiknspråk
Komponist(ar) Paulius Zdanavičius
Låtskrivar(ar) Andrius Kairys
Resultat
Semifinalepoeng 81
Semifinaleplass 5
Finalepoeng 63
Finaleplass 19
Litauen i Eurovision Song Contest
«Eastern European Funk»
(2010)
«C'est ma vie» «Love Is Blind»
(2012)

«C'est ma vie» representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, og vart framførd på engelsk, fransk og amerikansk teiknspråk av Evelina Sašenko. I den fyrste semifinalen enda bidraget på femteplass med 81 poeng; tolv frå Polen og Storbritannia, ti frå Georgia, åtte frå Noreg, sju frå Russland, seks frå Portugal, fem frå Ungarn og Spania, fire frå Armenia og Hellas, tre frå Sveits, to frå Finland og Island og eitt frå Serbia. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på ellevteplass med 52 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget vunne med 133 poeng. Lituaen kvalifiserte seg til finalen, der bidraget enda på 19. plass med 63 poeng; tolv frå Polen og Georgia, ti frå Irland, sju frå Serbia og Latvia, seks frå Storbritannia, tre frå Noreg, to frå Russland og Kroatia og eitt frå Romania og Spania. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på 20. plass med 55 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på 20. plass med 66 poeng. «C'est ma vie» er den fyrste og førebels einaste songen i tevlinga som har vorte framførd på amerikansk teiknspråk eller teiknspråk i det heile.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Litauiske songar i Eurovision Song Contest