Johan C.T. Castberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan C.T. Castberg
Fødd13. oktober 1827
Fredrikstad
Død8. desember 1899
Trondheim
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarPeter Hersleb Harboe Castberg
BarnJohan Castberg, Torgrim Castberg, Leif Castberg

Johan Christian Tandberg Castberg (13. oktober 18278. desember 1899) var ein norsk stortingsrepresentant. Peter Castberg var far hans, Johan Castberg sonen hans.

Castberg var fødd i Fredrikstad. Han var ei kort tid til sjøs, før han gjekk middelskulen i Larvik og vart student med haud i 1846, juridisk kandidat med same karakter i juni 1850. Deretter var han i nokre år inspektør ved Sandefjords badeanstalt, undertollbetjent 1856 og 1866 overtollbetjent, først i Brevik, så i Skien frå 1871. Frå 1884 til 1897 var han styrar ved Noregs Bank si avdeling i Skien.

Han var i mange år medlem av bystyret i Skien, ordførar i fleire år. I 1874 starta han avisa Varden, som han redigerte dei ti fyrste åra ho kom ut.

Castberg var stortingsrepresentant for Skien 1877-79 og 1880-82. Han var medlem av protokollkomiteen 1877-78, medlem 1879 og formann 1880-82 i tollkomiteen. 1886-88 hadde han på nytt sete i Stortinget som 1. representant for Venstre i Skien, igjen var han formann i tollkomiteen.

Frå 1897 var Castberg tollinspektør i Trondheim. Han døydde der to år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]