Peter Castberg
| Peter Castberg | |||
| | |||
| Fødd | 22. juli 1794 Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Død | 10. juni 1858 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, offiser, ordførar, luthersk prest | ||
| Far | Tycho Diderich Isaksen Castberg | ||
| Barn | Johan Christian Tandberg Castberg, Tycho Frederik Edvard Castberg, Christopher Castberg | ||
| Alle verv |
| ||
Peter Hersleb Harboe Castberg (22. juli 1794–10. juni 1858) var ein norsk offiser, prest og stortingsmann. Johan C.T. Castberg var sonen hans.
Castberg var fødd i Fredrikshald, der far hans var magasinforvaltar. Sjølv vart han kadett i 1804, sekondløytnant i sønnafjellske infanteriregiment 1808, premierløytnant i 1811. Han deltok i oppmålingsarbeid i Vestfold i 1811 og 1813 og i felttoget mot den svenske fienden i 1814. År 1818 gjekk han over i 1. akershusiske brigade. Etter å ha teke artium i 1823 og teologisk embetseksamen i 1826 tok han avskjed frå militærtenesta. Han var sokneprest i Kviteseid 1827-33, Larvik 1833-46 og Sande i Vestfold 1846-58.
Castberg representerte Bratsberg amt på Stortinget i 1830 og 1833. I 1836, 1836-37, 1839, 1842 var han stortingsrepresentant for Larvik og Sandefjord. Han var på alle tingsamlingane formann i militærkomiteen. I 1833 var han medlem av komiteen om kjøpstadskatten, 1836-39 medlem av valkomiteen.
Han døydde i 1858 i København, under ei vitjing hos ei dotter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peter Castberg ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Einskildmenn
- Fødde i 1794
- Døde i 1858
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar for Telemark
- Stortingsrepresentantar for Larvik og Sandefjord
- Norske offiserar
- Norske prestar
- Folk frå Halden