Johan Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Hanssen
Fødd 18. november 1821
Død

23. desember 1889

Yrke politikar

Johan Jørgen Lange Hanssen (18. november 182123. desember 1889) var ein norsk forsikringsmann og politikar, fødd i Christiania og død i Arendal. Han var stortingsmann 1872-76. Even Hanssen var far hans.

Johan Hanssen tok norsk juridisk eksamen i 1844. Dei neste åra var han tilsett på tollkontoret i Arendal og ei tid konstituert tollkasserar i Grimstad. Frå 1851 arbeidde han i Arendals skibsassuranceforening, sidan 1858 som kasserar og bokhaldar. To år seinare, i 1860, hadde han same posisjonane i Arendals sjøforsikringsselskap. Hanssen var mangeårig styreformann i begge selskapa, samt i Agdesidens Bank.

Gjennom ekstraordinært stortingsval vart Hanssen vald til å representere Arendal på Stortinget 1872-73, og attvald til 1874-76-perioden ved ordinært val. Han var 1872, 1873, 1874 medlem i Justiskomite nr 1, medan 1875-76-sesjonane hadde sete i Tollkomiteen. Valbolken 1874-76 var han medlem i Lagtinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]