Johan Storm Munch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Storm Munch
Johan Storm Munch.jpg
Fødd 31. august 1778
Vågå
Død

26. januar 1832
Kristiansand

Johan Storm Munch på Commons

Johan Storm Munch (31. august 177826. januar 1832) var ein norsk prest og biskop i Kristiansand frå 1823. Han var far til Andreas Munch og ein samnemnd son, medan presten Edvard Munch var bror hans.

Johan Storm Munch var presteson, fødd i Vågå. Han vart student i 1796 og cand.theol. i 1799. Sidan var han huslærar på Sjælland i Danmark i fem år, og der etter residerande kapellan i Skjeberg frå 1805. 1808-09 var han feltprest hos prins Kristian August og så lærar i Fredrikshald og frå 1811 i Christiania. I 1813 fekk han sokneprest-embetet i Sande i dagens Vestfold. Fire år seinare gjekk han over til å vere slottsprest på Akershus slott og samstundes sokneprest i Aker prestegjeld. Frå 1823 til han døydde var han biskop i Kristiansand stift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]