Johannes Aarflot
Johannes Aarflot | |||
Fødd | 29. oktober 1824 Ørsta kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 3. november 1891 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bokhandlar | ||
Mor | Berte Kanutte Aarflot | ||
Alle verv |
|
Johannes Amundsson Aarflot (29. oktober 1824–3. november 1891) var ein norsk bokhandlar og stortingsmann. Han var fødd på garden Årflot i Ørsta, Berte Kanutte Aarflot var mor hans.
Frå 1841 var Aarflot tilsett ved ein bokhandel i Ålesund. I 1860 opna han eigen bokhandel i byen, Aarflots Bokhandel, ei verksemd som framleis er i drift (2010).
Aarflot var stortingsmann for Ålesund og Molde i 1868-69, 1871-73, og i 1881 då han frå 9. juni møtte som varamann for Ferdinand Roll. Stortingsmann på ny 1889-91. 1868-69 var han medlem av kyrkjekomite nr 2, 1871-73 av kyrkjekomiteen, samt Lagtinget. I 1881 var han medlem av næringskomite nr 2, medan han 1889-91 var medlem av gasje- og pensjonskomiteen, og av Lagtinget. Han representerte då partiet Høgre.
Han var medlem av bystyret i Ålesund frå 1861, ordførar i byen 1864, 1876-81 og 1883-91. Forlikskommissær frå 1870.
Aarflot var medlem av kommisjonen om «almueskolerne i byerne» av 1871.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johannes Aarflot NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv