Ferdinand Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferdinand Roll

Fødd28. mai 1831
Trondheim
Død28. februar 1921 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkedommar, jurist, politikar
FarJacob Roll
BarnNini Roll Anker, Astrid Roll Thommessen
Alle verv

Ferdinand Nicolai Roll (28. mai 183127. februar 1921) var ein norsk jurist, embetsmann, sorenskrivar, politikar og høgsterettsdommar. Han var son til Jacob Roll og far til Nini Roll Anker.

Roll var fødd i Trondheim. Han vart student frå katedralskulen i byen i 1847, og vart cand. jur. i 1852. Frå 1858 til 1870 var han tilsett i justisdepartementet, dei siste fire åra som byråsjef for 2. sivilkontor. Under si tid i hovudstaden var han i 1850-åra ein sentral figur i studentersamfunnet, formann i fleire bolkar. 17. februar 1864 var han med og stifta Kristiania arbeidersamfund, der han vart vald til nestformann. Han var seinare, 1870-71, formann og sidan æresmedlem.

Deretter var Roll frå 1871 sorenskrivar i Romsdal i 17 år, med bustad i Molde. Under tida i Molde var medlem av bystyret 1873-88, ordførar 1875-76 og 1887.

Roll var stortingsrepresentant for byane Ålesund og Molde 1877-85 og 1892-94. Han var sekretær i næringskomite nr. 1 1877-79, formann 1880-85. 1884-85 var han medlem av fullmaktskomiteen. Siste stortingsperioden var han medlem av Lagtinget og formann i justiskomiteen. Roll høyrde heime mellom dei moderate høgrepolitikarane, var negativ til parlamentarismen, men gjekk inn for forsiktig regulering av arbeidslivet.

I Emil Stangs første regjering var Roll sjef for justisdepartementet frå 13. juli 1889 til 6. mars 1891. Han vart då utnemnd til ekstraordinær høgsterettsassessor (høgsterettsdommar). Frå 1895 til 1912 var han ordinær assessor i Høgsterett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]