Berte Kanutte Aarflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berte Kanutte Aarflot
Berte Kanutte Aarflot.jpg
Fødd 3. januar 1795
Ørsta
Død

29. oktober 1859

Yrke salmediktar
Far Sivert Aarflot
Born Johannes Aarflot

Berte Kanutte Aarflot (3. januar 179529. oktober 1859) var ein norsk salmediktar frå ØrstaSunnmøre.

Berte Kanutte (eller Canutte) var fødd på farsgarden Årflot. Ho flytta med familien til Ekset i Volda då ho var fire år gammal, etter faren Sivert Aarflot vart lensmann og busette seg der. Berte Kanutte flytta attende til farsgarden då ho gifta seg i 1816 og budde der sidan, i arbeid som gardbrukarkone.

Tidleg i 1820-åra kom Aarflot med i den haugianske rørsla og heimen hennar vart då ein samlingsstad for haugianarane i bygda.[1] Ho hadde då i 1820 fått trykt nokre salmar i samlinga En gudelskende Siels oppbyggelige Sange, prenta på broren Rasmus S. Aarflot sitt trykkeri på Ekset. Den neste tekstsamlinga, Troens frugt indeholdende nogle aandelige Sange i tvende Dele kom ni år etter den første, (1829). I hennar seinare år kom dei to samlingane Sjælens morgen og aftenoffer (1846), og Sjælens aandelige høitidsglede. Den siste samlinga vart trykt og utgitt i Bergen i 1853. Samlingane kom i fleire opplag, og Aarflot vart lesen over heile Noreg og var ein av dei mest kjende salmediktarane i si samtid.

Eit av bygga til Høgskulen i Volda har namnet «Berte Kanutte-huset» etter henne, andre bygg ved høgskulen har namn etter Hans Strøm og Ivar Aasen. I 1978 vart det sett opp eit minnesmerke over Aarflot ved bedehuset i Ørsta.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • En gudelskende Siels opbyggelige Sange, 1820
  • Troens Frugt. En Samling af aandelige Sange; i tvende Dele, 1830
  • Troens Frugt. En Samling af religiøse Opmuntrings og Opbyggelses-Breve, 1844
  • Sjælens Morgen- og Aftenoffer. Bønner, Sukke og Sange paa hver Dag i Ugen tilligemed Sange paa de fire Aarets Tider, 1846
  • Sjælens aandelige Høitidsglæde, indeholdende Bønner og Sange paa de i Aaret indfaldende Høitidsdage, 1853
  • Leilighedssange, 1853
  • Religiøse Breve til Opmuntring og Opbyggelse samt Bestyrkelse i Tro, Haab og Kjærlighed, 1853
  • Smuler til Næring for Livet i Gud. En Samling af Skrifter, 1856–62
  • Berte Kanutte Siversdatter Aarflots Selvbiografi, indeholdende Optegnelser om hendes aandelige Livsudvikling, tilligemed Sognepræst Wraamanns Tale ved hendes Grav samt nogle Mindesange, 1860
  • Før ikke udgivne Breve og Sange, utg. ved B. Støylen og H. G. Heggtveit, som del 3 i Berte Kanutte Aarflot. To Livsskildringer, 1893

Kjelder[endre | endre wikiteksten]