John Lind-Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Lind-Johansen
Fødd 29. september 1852

Ibestad

Død 31. januar 1940
Gratangen
Parti Arbeidarpartiet

John Lind-Johansen (29. september 185231. januar 1940) var ein norsk gardbrukar og fiskar frå Ibestad i Troms. I 1903 vart han ein av dei fire fyrste arbeidarparti-representantane på Stortinget. Jørg Berge, Alfred Eriksen, Meyer Foshaug var dei andre tre.

Han var son til ein gardbrukar og fiskar, og tok yrke etter far sin. Frå 1878 var han høvedsmann og frå 1886 også gardbrukar på farsgarden Årstein. I 1889 fekk han stipend og reiste til verdsutstillinga i Paris, på ferda reiste han innom kystbyar i Frankrike og Belgia der han studerte bankfiske. År 1891 var han med å skipe eit trygdelag for båtar.

Lind-Johansen var 1. representant frå Tromsø amtStortinget 1903-06, vald for Arbeidarpartiet. Den neste stortingsperioden, 1906-09, vart han vald frå einmannskrinsen Trondenes. I begge periodane var han medlem av Lagtinget, samt 1903-06 av tollkomiteen og 1906-09 av næringskomite nr 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]