Jørg Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørg Berge
Jørg Berge.jpg
Fødd 3. september 1854

Arendal

Død 16. mars 1916

Jørg Berge (3. september 18541916) var ein norsk sjømann, lærar, journalist, fyrvaktar og stortingsmann frå Arendal.

Berge var son til ein skipper og navigasjonslærar. Sjølv tok han styrmannseksamen og reiste til sjøs i fleire år. Då han vart sjuk, mønstra han av i Montreal i Canada. Der gjekk han, 1873-76, på eit fransk seminar, heldt så fram studiane i Paris. Han arbeidde på eit meklarkontor i Spania i to år, sidan i Narbonne i Frankrike. Åra 1883-89 underviste han ved katolske skular i Kristiania og i Alta, og vart kateket i Harstad. Sidan arbeidde han i avis, også som redaktør, og som agent for fråhaldssaka. I 1907 fekk han stilling som fyrvaktar på Måholmen i Vikna.

Berge representerte krinsen Tromsø, Bodø og Narvik på Stortinget 1903-06, der han var medlem av kyrkjekomiteen. På tinget representerte han Arbeidarpartiet, og var ein av dei fire, aller første representantane dette partiet hadde på Stortinget. Dei andre tre var Alfred Eriksen, Meyer Foshaug og John Lind-Johansen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]