John Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Theodor Lund
John Theodor Lund 1842-1913 Norw. politician.jpg
John Theodor Lund
Fødd 9. oktober 1842

Bergen

Død 8. januar 1913 (70 år)
Bergen
Parti Venstre
Yrke Kjøpmann
1. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1883-1885, 18921900
 - valkrins Bergen
2. verv Lagtingspresident
 - periode 1893–1900
3. verv Ordførar i Bergen
 - periode 1888–1890
4. verv Nobelkomiteen
 - periode 1897–1913

John Theodor Lund (9. oktober 18428. januar 1913) var ein forretningsmann, skipsreiar, tollskrivar, fredsaktivist og politikar for Venstre.

Lund var fødd i Bergen, far hans var skipper. Han utdanna seg til handelsverksemd, starta i 1867 opp ei agentur- og kommissjonsforretning i heimbyen. Dreiv også å reia ut båtar og skip. Frå 1898 var han tollskrivar i Bergen. Han var frå 1896 styrar av Noregs Bank si avdeling i Bergen.

Lund var medlem av Bergen bystyre i 30 år, åtte av åra sat han i formannskapet. Ordførar var han i tre år, 1888-90. Han var stortingsrepresentant frå Bergen bykrins og for Venstre 1883-85 og 1889-1900. I den fyrste storingsperioden var han medlem av budsjettkomiteen. Perioden 1889-91 var han 1. varamann, men møtte frå 15. mai 1889 og resten av perioden, i staden for Ole Jacob Sparre. Han var då medlem av protokollkomiteen. 1892-1900 var han medlem av valkomiteen og jarnbanekomiteen, siste tre sesjonane var han formann i sistnemnde. Medlem av Lagtinget frå 1892, frå 1893 var han lagtingspresident. Elles medlem av kontraktørkomiteen 1893 og av den parlamentariske valdgiftskomiteen 1897.

Lund var delegat til den fyrste internasjonale fredskongress i London, og til seinare fredskongressar. I 1899 var han president ved det interparlamentariske forbundet si freds- og valdgiftskonferanse i Kristiania. Han var Noregs leiande representant i interparlamentarisk fredsarbeid, vald til fast medlem, seinare æresmedlem, av det interparlamentariske råd. I 1897 vart Lund vald til medlem i den fyrste Nobelkomiteen, eit verv han hadde til han døydde.

Lund var frå 1876 til 1913 medlem, i mange år formann, i 17.mai-komiteen i Bergen. Han var fråverande einast dei åra han sat på Stortinget. Morgonprosesjonen 17.mai i Bergen stoppar alltid opp på John Lunds plass, der det vert utropt eit "Leve!" til John Lunds minne, minnesmerket over han vert kransa og møtelyden syng 1. verset av Bergenssangen (Udsigter fra Ulriken).

Han døydde i Bergen i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]