Ole Jacob Sparre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Jacob Sparre
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1831
Christiania
Død

4. november 1889 (57 år)
Christiania

Yrke politikar, lege
Språk norsk
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Ole Jacob Louis Sparre (6. november 18314. november 1889) var ein norsk lege og stortingsmann frå Christiania. Han var medlem av Stortingets Venstreforening, som vart skipa i 1883. Christian Sparre var sonen hans.

Sparre var son til ein offiser. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1850 og cand. med. i 1856. Dei neste fire åra var han privatlege i Aurskog og seinare i Høland. Han var distriktslege i Rollag 1860-63 og i Strandebarm 1863-75, for ytre Hardanger. I 1876 vart han tilsett stadsfysikus i Bergen, frå 1879 også lege for Bergens Tukthus. Som stadsfysikus fekk han i stand store forbetringar i renovasjonsstellet for byen.

Sparre var ordførar i Rollag. I Bergen var han medlem av formannskapet frå 1880. Han var styreformann for Bergens kommunale sjukehus, samt formann i kontrollnemnda for sinnssjukehuset i byen.

Sparre representerte Søndre Bergenhus amtStortinget 1874-76. Sidan representerte han valkrinsen Bergen frå 1883 til han vart permittert 10. mai 1889. Perioden 1874-76 var han sekretær i gasje- og pensjonskomiteen. Han hadde same posisjonen i protokollkomiteen 1883-85, og var formann for denne komiteen 1886-89. Sparre var også medlem av valkomiteen 1886-89 og av fullmaktskomiteen i 1889 til han grunna sjukdom fekk permisjon. Han døydde i Kristiania i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]