Johnnie Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johnnie Johnson

Johnson i 1996 på Riverwalk Blues Festival
FøddMal:Birth date
FødestadFairmont i Vest-Virginia i USA
Død13. april 2005
DødsstadSaint Louis
FødenamnJohnnie Clyde Johnson
OpphavUSA
Aktiv1952–2005
SjangerBlues, jazz, rock and roll
InstrumentPiano
Tilknytte artistarChuck Berry
PlateselskapChess Records
Verka somMusikar, låtskrivar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Johnnie Clyde Johnson (8. juli 192413. april 2005)[1][2] var ein USA-amerikansk pianist som spelte jazz, blues og rock and roll. Arbeidet hans med Chuck Berry gjorde at han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Han vart posthumt gjeven Congressional Gold Medal for å bryte raseskilje.[3]

Då Johnson flytta til Chicago spelte han med mange kjende artistar, som Muddy Waters og Little Walter. Han flytta til St. Louis i 1952 og sette saman ein jazz- og bluestrio, Sir John Trio, med trommeslagaren Ebby Hardy og saksofonisten Alvin Bennett. Dei tre hadde planlagt ein konsert på Cosmopolitan Club i East St. Louis på nyårsaftan 1952, då Bennett fekk eit slag og ikkje kunne spele. Johnson leita etter ein erstattar som kunne steppe inn og den einaste musikaren han kjende som var ledig var Chuck Berry. Bennett kunne ikkje spele meir etter slaget og Johnson hyrte Berry som fast medlem av trioen. Over dei neste 20 åra samarbeidde Johnson og Berry på mange av songane til Berry, som «School Days», «Roll Over Beethoven», «Carol» og «Nadine». Songen «Johnny B. Goode» var visstnok ei hyllest til Johnson.

I tillegg til å spele med Berry, var Johnson leiar for rytmeseksjonen til Albert King. I 1980-åra var han medlem av The Sounds of The City.

I november 2000 saksøkte Johnson Berry for å bli tilskriven som medlåtskrivar (og dermed få honorar) på mange songane hans, som «No Particular Place to Go», «Sweet Little Sixteen» og «Roll Over Beethoven». Saka vart avvist fordi det hadde gått for mange år sidan songane vart skrivne.

I 2001 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i kategorien «Sidemenn».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Blue Hand Johnnie (Evidence Music), med Oliver Sain
  • 1991: Johnnie B. Bad (Warner Bros.), med Eric Clapton, Keith Richards og Bernard Fowler
  • 1991: Rockin' Eighty-Eights (Modern Blues recordings), med Jimmie Vaughan og Clayton Love
  • 1993: That'll Work (Elektra), med Kentucky Headhunters og Jimmy Hall
  • 1995: Johnnie Be Back (MusicMasters), med Buddy Guy, Al Kooper, John Sebastian og Max Weinberg
  • 1997: Johnnie B. Live (Father of Rock and Roll Music), med Jimmy Vivino og Al Kooper
  • 1999: Father of Rock and Roll (Father of Rock and Roll Music), CD med boka Father of Rock and Roll: The Story of Johnnie B. Goode Johnson, med nye innspelingar av Johnson- og Berry-songar.
  • 2005: Johnnie Be Eighty...And Still Bad! (Cousin Moe Music), produsert av Jeff Alexander, med Rich McDonough (gitar), Gus Thornton (bass), Joe Pastor (trommer), Larry Thurston (vokal) og Victor «Big Daddy» Johnson (vokal)
  • 2015: Meet Me in Bluesland (Alligator), med The Kentucky Headhunters[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Dead Rock Stars Club 2005 – January to June». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 27. juni 2017. 
  2. «Web Page Under Construction». Johnnie.com. Henta 27. juni 2017. 
  3. «Marine and bluesman Johnnie Johnson posthumously awarded Congressional Gold Medal». Stars and Stripes. Arkivert frå originalen 21. mars 2019. Henta 29. november 2016. 
  4. Allers, Hannahlee (April 11, 2015). «Kentucky Headhunters Announce New Album Featuring Legendary Blues Pianist». The Boot. Henta May 12, 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johnnie Johnson
Wikisource

Originaltekst av Johnnie Johnson ved Wikisource.