Al Kooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Al Kooper
Al Kooper 22A.jpg
Al Kooper i eit intervju i 2009
Alias Roosevelt Gook
Fødd 5. februar 1944 (73 år)
Brooklyn i New York i USA
Instrument vokal, gitar, bass, hammondorgel, klaverinstrument, perkusjon, mandolin
Sjanger Blues, R&B, pop rock
Aktive år 1958 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Mike Bloomfield, The Blues Project, Blood, Sweat & Tears, Bob Dylan
Plateselskap ABC Records
Nettstad alkooper.com

Al Kooper (fødd 5. februar 1944 som Alan Peter Kuperschmidt) er ein USA-amerikansk låtskrivar, plateprodusent og musikar. Han er kjend for å organisere Blood, Sweat & Tears, men var ikkje lenge nok i gruppa til at han fekk med seg gjennombrotet deira. Kooper spelte også i studio for Bob Dylan då han gjekk elektrisk i 1965, og førte saman gitaristane Mike Bloomfield og Stephen Stills til å spele albuemt Super Session. Han har sidan hatt ein suksessrik solokarriere, skrive musikk for filmar og drive opplæring i låtskriving.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kooper var fødd i Brooklyn,[1] og voks opp i Hollis Hills i Queens i New York. Den første musikalske suksessen var som fjorten år gammal gitarist i The Royal Teens, mest kjend for ABC Records-songen «Short Shorts» i 1958. I 1960 slo han seg saman med låtskrivarlaget Bob Brass og Irwin Levine, og skreiv «This Diamond Ring», som vart ein hit for Gary Lewis and the Playboys. Då han var 21 flytta Kooper til Greenwich Village.

Han spelte med Bob Dylan på konsertane hans i 1965 og i studio i 1965 og 1966. Mellom anna spelte han Hammondorgel med Dylan på Newport Folk Festival i 1965. Kooper spelte mellom anna Hammondorgel på Dylan sin «Like a Rolling Stone». Det var under desse innspelingane at Kooper møtte og vart ven med Mike Bloomfield. Han arbeidde mykje med Bloomfield dei komande åra. Kooper spelte igjen orgel med Dylan i 1981 på verdsturneen hans.

Kooper vart med i The Blues Project som klaverspelaren deira i 1965, men slutta kort stund før konserten deira i Monterey Pop Festival i 1967. Han danna Blood, Sweat & Tears i 1967, men slutta i gruppa etter det første albumet, Child Is Father to the Man, på grunn av musikalske usemjer i 1968.[2] Han spelte inn Super Session med Bloomfield og Stills i 1968,[3] og i 1969 samarbeidde han med den 15 år gamle gitaristen Shuggie Otis på albumet Kooper Session. I 1975 produserte han debutalbumet til The Tubes.

Kooper med gitar, feira 68-årsdagen sin i The Regatta Bar i Cambridge i Massachusetts den 4. februar 2012.

Kooper har spelt på hundrevis av innspelingar, mellom anna med The Rolling Stones, B.B. King, The Who, The Jimi Hendrix Experience, Alice Cooper og Cream. Etter han flytta til Atlanta i 1972, oppdaga han bandet Lynyrd Skynyrd, og produserte og spelte på dei første tre albuma deira, inkludert singlane «Sweet Home Alabama» og «Free Bird». Kooper skreiv òg musikken til fjernsynsserien Crime Story og filmen The Landlord. Kooper har òg skrive musikk for fleire fjernsynsfilmar.

Kooper har gjeve ut memoarane sine Backstage Passes: Rock 'n' Roll Life In The Sixties (1977) og Backstage Passes & Backstabbing Bastards: Memoirs of a Rock 'N' Roll Survivor (1998).

Han vart innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i Nashville.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Soul of a Man (Februar 1995)

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Medverkar på[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 543–544. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 232. CN 5585. 
  3. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 259. CN 5585. 
  4. Daniel Kreps (23. februar 2015). «Kid Rock, Keith Richards Help Induct Crickets, Muscle Shoals into Musikars Hall of Fame | Music News». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/news/kid-rock-keith-richards-help-induct-crickets-muscle-shoals-into-musicians-hall-of-fame-20081029. Henta 2014-04-19. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]