Den spanske inkvisisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den spanske inkvisisjonen var ein katolsk institusjon som verka i Spania frå slutten av 1400-talet til 1834. Han var ikkje underlagd den romerske inkvisisjonen, men vart i staden kontrollert av den spanske kongen. Bakgrunnen for opprettinga var gjenerobringa av Spania frå maurarane og kongen sitt behov for kontroll over muslimar og jødar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På 1400-talet var Spania ein konføderasjon av små rike, som alle hadde sin eigen administrasjon. Dei viktigaste var Aragon og Castilla, som ved gjenerobringa vart styrte av høvesvis Ferdinand og Isabella. I Aragon fanst det ein lokal inkvisisjon, men i Castilla og Leon hadde dei ingen slik organisasjon.

Store delar av den iberiske halvøya hadde vorte styrt av maurarane, og spesielt i dei sørlege områda var det ei ganske stor muslimsk folkegruppe. Granada var under muslimsk styre heilt til 1492. I ein del av byane, spesielt Sevilla, Valladolid og Barcelona, fanst det også store jødiske grupper.

Opprettinga[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand såg religion som ein effektiv reiskap for å få kontroll over befolkninga. Han ønskte å kvitte seg med dei jødiske og muslimske folkegruppene, og bruka inkvisisjonen som ein av sine reiskapar for å kontrollere både dei som nekta å la seg døype og dei som hadde konvertert til kristendommen. Inkvisisjonen vart med det ein sentral institusjon for handhevinga av limpieza de sangre («blodet si reinheit»), politikken som skulle hindre blanding mellom konvertittane og spanjolane. Historikarar har også spekulert i andre årsaker, og mange meiner at inkvisisjonen vart oppretta også for å svekkje opposisjonen. Det er òg mogleg at det var økonomiske årsaker som låg bak; Ferdinand sin far hadde lånt mykje frå jødiske finansmenn, og store delar av gjelda kunne slettast dersom dei han skulda pengar vart frådømde eigedommen sin.

Paven ønskte ikkje å opprette ein inkvisisjon i Spania, men Ferdinand insisterte. Kardinal Rodrigo Borgia dreiv, mens han var biskop av Valencia, lobbyverksemd for å få Sixtus IV til å godkjenne den spanske inkvisisjonen. Han lykkast delvis, da paven sanksjonerte opprettinga i Castilla. Borgia vart seinare lønna med støtte frå Spania under eit konklave, og vart pave under namnet Alexander VI.

Under Sixtus IV vart den spanske inkvisisjonen også oppretta i Sevilla. Paven arbeidde mot dette, men Ferdinand pressa han til å akseptere det ved å true med å stoppe den militære støtta til «Den heilage stolen». I 1478 sende paven ut ein bulle som godkjende opprettinga. Han påla ein del restriksjoner mot dei mest ekstreme sider ved inkvisisjonen.

Paven meinte at den spanske inkvisisjonen var del av eit kynisk spel for å sikre seg jødiske eigedommar, og nekta å la han bli oppretta i Aragon. Ferdinand heldt fram med å trasse Roma, og bruka pavedømmet si avhengigheit av hans militære støtte, i ei tid der tyrkarane tok stadig større område og statar i Europa stadig manøvrerte for å få meir makt, til å presse gjennom ei godkjenning av opprettinga også i Aragon. Da tyrkarane angreip Otranto i Italia i august 1480 var presset så stort at Sixtus IV gav etter.

Utvisinga av jødane[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand og Isabella utnemnde i 1481 Tomás de Torquemada til leiar for inkvisisjonen, med ansvar for å etterforske og straffe conversos, det vil seie jødar og muslimar som hadde konvertert til kristendommen men som framleis praktiserte den opphavlege religionen sin i smug. Prosessen begynte i Sevilla, og det vart snart etter oppretta domstolar i Cordova, Jaen og Ciudad Real, som så vart følgde av Aragon, Catalonia og Valencia. Mellom 1486 og 1492 vart det halde auto de fé 25 gonger berre i Toledo. Mellom 1481 og 1826 vart det halde minst 464 slike seremoniar. Mellom 1480 og 1492 vart meir enn 13 000 conversos stilte for retten.

Den delen av Spania som framleis var under muslimsk kontroll vart ein fristad for jødar fram til 1492. Den 31. mars det året, etter at Granada var falle, sende Ferdinand og Isabella ut eit utvisingsedikt for jødar som ikkje hadde late seg døype. Dei fekk frist til siste dagen i juli, og kunne ta med seg alle eignelutene sine, unntatt gull, sølv og mynt. Grunngivinga var at så mange av jødane som hadde konvertert vart lokka tilbake til jødedommen fordi det fanst jødiske miljø i nærleiken. Meir enn 200 000 jødar vart utviste, og fleire tusen døydde under denne prosessen. Eit resultat av utvisingane var opprettinga av det sefardiske samfunnet. Det vart forbod mot at sefardiske jødar kunne busette seg i Spania; dette var eit uttrykk for kongen sitt raseri over opprettinga av dette samfunnet, ettersom jødar uansett ikkje kunne busette seg i Spania før utvisingsediktet vart trekt tilbake i 1858.

Inkvisisjonen sitt virke[endre | endre wikiteksten]

Sixtus IV døydde i 1484. Han vart etterfølgd av Innocent VIII, som to gonger sende ut bullar der han bad om større velvilje overfor conversos. Samtidig bidrog han også til å styrkje inkvisisjonen si makt ved å befale at alle katolske monarkar skulle arrestere flyktande jødar og utlevere dei til Spania så dei kunne stillast for retten.

Som ein religiøs domstol vart inkvisisjonen driven av kyrkjelege styresmakter. Når ein person var dømd for «heresi», vart han eller ho overlevert til sekulære styresmakter for å bli straffa. Straffene varierte frå offentleg audmjuking (personen vart kledd i sambenito og måtte gå i prosesjon gjennom byen) til brenning på bål. Dei som tilstod og sa dei angra vart avretta med garotte før brenninga, mens dei som ikkje gjorde det vart brende levande. Personar som vart dømde in absentia vart brende symbolsk, ved at ei dokke vart plassert på bålet. Straffene vart eksekverte under offentlege seremoniar, kjende som auto de fé, «trushandling».

Rettssakene vart førte for tribunal, der dei geistlege dommarane hadde assistanse frå lekdommarar, kalla familiares. Dette var eit prestisjefylt embete.

Mange av skuldingane som vart etterforska var fremja av hemnmotiv eller for personleg vinning si skuld. Krona stod kanskje bak ein del av skuldingane, for å få sletta gjeld og inndratt eigedommar.

Hekseprosessar var inkvisisjonen lite borti Det var nokre få tilfelle i Baskarland, men dommane vart da forkasta av ein høgare instans ettersom inkvisisjonen si leiing ikkje trudde på hekseskuldingane; nokre hadde likevel vorte avretta før dommen vart omstøytt. Seinare tilfelle vart normalt avviste med at den tiltalte var mentalt ustabil eller at skuldingane var falske. Mens det i mange land kom i gang store hekseprosessar, vart det i Spania tidleg slutt på skuldingane fordi inkvisisjonen truga med å stille dei som kom med falske skuldingar for retten.

Bruk av tortur[endre | endre wikiteksten]

Den spanske inkvisisjonen er berykta for sin bruk av tortur. Nyare undersøkingar viser at tortur var mindre vanleg enn ein har trudd. I Valencia vart tortur bruka i mindre enn 2 % av dei over 7000 sakene.

I dei tilfella tortur vart bruka dreidde det seg for det meste om kniping med tenger og slag med forskjellige gjenstandar. Målet med torturen var å få ei vedkjenning, som var viktig i religiøs samanheng fordi denne gjorde det mogleg for den dømde å bli frelst.

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Inkvisisjonen vart bruka mot tidlege protestantar og andre ikkje-katolske kristne. på 1700-talet vart han òg bruka mot fritenkjarar, spesielt dei som var trektest mot encyclopedismen og den franske opplysningstida sine ideal.

Under Napoleon sitt styre, 1808–1812, vart inkvisisjonen nedlagd. Da Ferdinand VII av Spania kom til makta vart han gjenoppretta. Den 26. juli 1826 vart den siste dødsdommen frå inkvisisjonen eksekvert da skolestyraren Cayetano Ripoli vart garottert i Valencia. Institusjonen vart formelt avskaffa 15. juli 1834.

Det fanst to forlengde armar av den spanske inkvisisjonen: Den meksikanske inkvisisjonen og Limainkvisisjonen, som hadde ansvar for å etterforske og dømme personar som hadde flykta frå Den spanske inkvisisjonen til koloniane i vest (Amerika og - vidare over Stillehavet - til Filippinane).

Dødstal[endre | endre wikiteksten]

Det er usemje mellom historikarar om kor mange som vart avretta etter ein dom frå inkvisisjonen. Nokre av tala som er oppgitt er:

  • Philip Schaff i Historie of the Christian Church:
    • 8 000 brende under Torquemada sin atten år lange periode som leiar for inkvisisjonen
  • Matthew White, i samandrag av tidlegare forsking:
    • 32 000 døde, av dei 9 000 under Torquemada
  • R.J. Rummel
    • Same tal som Matthew Whites blir oppgitt som mest realistisk, men det blir òg nemnt at tidlegare tal oppgir 135 000 døde under Torquemada sin periode, av dei 125 000 døde i fengsel og 10 000 vart avretta

I seinare år har forskinga kunna bruke originalprotokollar frå inkvisisjonen som grunnlag, og desse gir eit anna bilete enn tidlegare forsking. Geoffrey Parker studerte aktene frå 49 000 rettssaker mellom 1540 og 1700, og desse resulterte i 776 avrettingar. Dette kan tyde på totalt omkring 2 000 i løpet av inkvisisjonen si verketid. Tidlegare protokollar er dårlegare bevarte, men det som finst skal ikkje tyde på at det var noko større blodbad under Torquemada. Det som er tydeleg er at jødar og muslimar vart ramma svært hardt i forhold til andre i den tidlegaste perioden.

Agostino Borromeo, professor i historie ved Universitá della Sapienza i Roma, oppgir at omkring 125 000 vart stilte for retten, og av desse vart 1 200 til 2 000 avretta.

Kjelde til denne artikkelen[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Henry Kamen, The Spanish Inquisition: A Historical Revision. (Yale University Press, 1999). ISBN 0-300-07880-3
  • Henry Charles Lea, A History of the Inquisition of Spain (4 volumes), (New York and London, 1906-1907)
  • Simon Whitechapel, Flesh Inferno: Atrocities of Torquemada and the Spanish Inquisition (Creation Books, 2003). ISBN 1-84068-105-5
  • B. Netanyahu, The Origins of the Inquisition in Fifteenth-Century Spain, (New York : New York Review Books, 2001). ISBN 0-940322-39-0
  • Miranda Twiss, The Most Evil Men And Women In History (Michael O'Mara Books Ltd., 2002). ISBN 1-85479-488-4
  • Geoffrey Parker «Some Recent Work on the Inquisition in Spain and Italy», Journal of Modern History 54:3 1982
  • Warrenn Carroll, Isabel: the Catholic Queen, Front Royal, Virginia, 1991 (Christendom Press) 385 pp., ISBN 0-931888-42-5
  • Myths of the Spanish Inquisition (TV-dokumentar frå BBC) 1994 BBC/A&E