Jon Laberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Laberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1859
Død

1948 (88 år)

Yrke politikar
Politisk parti Venstre

Jon Laberg (29. april 18591948) var ein norsk lærar, lokalhistorikar, statsstipendiat og Venstre-politikar. Han var i oppveksten busett på Ornes i Luster kommune. Laberg hadde eksamen frå Balestrand lærerskole 1876 og frå Stord lærarskule. Han arbeidde som lærar fleire stader: i HoddevikStad i Selje kommune 1876-1878, i Erdal i Lærdal 1878-1883, ved Kalmargaten skole for psykisk utviklingshemma i Bergen 1883-1886, og han var overlærar ved Bergens folkeskole 1886-1926.

Jon Laberg er kjend som bygdebokskrivar i Sogn. Han skreiv sitt første større bygdehistoriske arbeid i 1915 med bygdebok for Hafslo, som utkom i 1926. Seinare kom bøker om Luster 1926, Årdal 1932, Balestrand 1934, Jostedal 1936-1948 (trykt i Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nr 10/1939, nr 11/1944 og nr 13/1948) , Lærdal og Borgund 1938. Han begynte også på arbeidet med Bygdabok for Vik i Sogn, men han rakk ikkje å fullføra det. Laberg var den første bygdebokskrivaren i Sogn og Fjordane som tok med opplysningar om fattigstell, husmenn og tenarhald på gardane. Han var med å skipa Historielaget for Sogn i 1909, og vart den første æresmedlemen i laget. Laberg skreiv også skulehistorie frå Bergen.

Han representerte Venstre i Bergen bystyre 1888-1921, var varaordfører i to år og skulestyreformann i ti år. Laberg var vararepresentant til Stortinget 1895-1900. Han var statsstipendiat frå 1917. Laberg vart tildelt Borgerdådsmedaljen og Klostermedaljen, som er høgaste utmerkinga til fråhaldsrørsla.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]