Jon Lende-Njaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Lende-Njaa
Fødd10. januar 1882
Død1927
NasjonalitetNoreg
Yrkevitskapsperson

Jon Ragnvald Lende-Njaa (10. januar 188220. november 1927) var ein norsk landbruksvitskapsmann frå Time.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lende-Njaa var son til ein gardbrukar og lærar på garden Njå i Time. Hausten 1900 tok han til på Tveit landsbruksskule i Nedstrand, der han var elev i to skulevintrar. Ferda gjekk så til Noregs Landbrukshøgskule, der han gjekk jordbruksavdelinga 1902-04 og meieriavdelinga 1905-06. Etter eit par år som gardsstyrar og forpaktar var han åra 1908-10 assistent på forsøksgarden Hjellum i Hedmark.

I 1910 fekk Lende-Njaa stillinga som myrkonsulent og leiar ved Det norske myrselskap sin gard Mære i Sparbu. Fram til 1921 gjorde han ei mengd forsøk og «fekk klårlagt mange viktige [spørsmål] i samband med kultivering og bruk av myrar». Han gav i 1924 ut boka Myrdyrking, eit sentralt verk i norsk jordbruk i mellomkrigsåra og lenger framover.

Lende-Njaa var frå 1921 professor i jordkultur på NLH på Ås i Akershus. Også ved landbrukshøgskulen gjorde han viktig vitskapleg arbeid, særleg om jordreaksjon og bruken av kalk i jorddyrkinga.

Lende-Njaa var i fleire år styremedlem i Norsk Landmannsforbund og var frå 1925 til han døydde i 1927, i Oslo, formann i Det norske myrselskap.

Han er gravlagd på Mære kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]