Jon Lennart Mjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Lennart Mjøen
Troll i ord fra Skeikampen - L0028 444Fo30141606020006.jpg
Jon Lennart Mjøen og Olav Engebretsen ved innspelinga av lystspelet Troll i ord i 1954
Fødd22. oktober 1912
FødestadChristiania
Død3. januar 1997
DødsstadOslo
Verka somfilmregissør, manusforfattar, skodespelar
FarJon Alfred Mjøen
EktefelleElse Heiberg
BornLars Mjøen

Jon Lennart Mjøen (22. oktober 19123. januar 1997) var ein norsk skodespelar og sceneinstruktør frå Oslo, bror til Fridtjof Mjøen og Sonja Mjøen.

Jon Lennart Mjøen fekk sin debut ved Søilen Teater i Oslo. Sidan var han tilsett eitt år ved Det Nye Teater, også Oslo, og like lenge ved Trøndelag Teater i Trondheim. Periodane 1938–41 og 1944–59 var han i fast jobb på Centralteatret. Til sist arbeidde han på Oslo Nye Teater frå 1959 til –67. Mjøen var aktiv som instruktør både med komediar og realistisk dramatikk. Han utmerkte seg som rollefiguren Higgins i Pygmalion og spelte Hero i Generalprøven av Jean Anouilh.

Mjøen filmdebuterte i 1942. Han spelte større og mindre roller i mellom andre Kranes konditori (1951) og Stevnemøte med glemte år (1957), ein film etter Sigurd Hoel sin roman som han også regisserte, og i 1964 komedien Pappa tar gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]