Sonja Mjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sonja Mjøen
Sonja Mjøen i "Wien-Budapest" (1939).jpg
Fødd 25. desember 1898
Kristiania
Død

25. februar 1993

Yrke skodespelar, skribent
Sonja Mjøen på Commons

Sonja Mjøen (25. desember 189825. februar 1993)[1] var ein norsk skodespelar.

Ho var dotter av tyskfødde Claire Grevérus Mjøen (1874–1963) og farmasøyten og eugenikaren Jon Alfred Mjøen (1860–1939). Året då ho blei fødd hadde faren hennar vend tilbake frå doktorstudia sine i Leipzig og teke over den private sanatoriet for tuberkuløse, Grefsen Folkesanatorium, som han dreiv frem til 1908. Sonja Mjøen blei døypt på Gjøvik gård, som faren var frå. Ho var syster av skodespelarane Fridtjof Mjøen (1897–1967) og Jon Lennart Mjøen (1912–1997).

Sonja Mjøen debuterte ved teateret fått i 1924 på Trondhjems Nationale Scene. Denne gjekk inn i 1927, og ho gjekk då til filmen som Edith i Madame besøker Oslo. Etter ein kort periode under Victor Bernau (1890–1939) ved Chat Noir, fekk ho frå 1929 arbeid under teatersjef Ingolf Schanche (1877–1954) ved det nystarta Det Nye Teater.[2]

Sonja Mjøen (t.v.) og dotter hennar som reiser med «Oslofjord» frå Oslo til USA den 15. juli 1953. Ektemannen Axel Kielland i midten.
Foto: Leif Ørnelund
.

I 1942 flykta Mjøen med familien frå det tyskokkuperte Noreg til Stockholm, og dreiv inntektsbringande arbeid for Svenska Norgehjälpen. Etter andre verdskrigen blei ho tilsett ved Centralteatret under Reidar Otto (1890–1959). Ho spelt fru Rønne i Vi gifter oss (1951), same året som ho var med i den norske oppsettinga av den amerikanske førestillinga Alice i Eventyrland. I Broder Gabrielsen frå 1966 var ho fru Lydersen. Ho var med i filmen Døden i gatene i 1970.

Frå 1932 til 1946 var Sonja gift med Axel Kielland (1907–1963), som var forfatter og journalist i Dagbladet. I 1953 emigrerte h til USA med dottera si, og skreiv reportasjar for Dagbladet fram til 1974, då ho vende tilbake til Noreg.[3]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fødselsdato og dødsdato frå gravferdsetaten i Oslo
  2. Arne Christiansen, Sonja Mjøen nekrolog i Aftenposten den 11. mars 1993.
  3. Sonja Mjøen i Aftenposten den 26. februar 1993.