Jostein Nerbøvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jostein Nerbøvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1938
Død

18. mars 2004 (65 år)

Yrke historikar, professor
Språk nynorsk

Jostein Nerbøvik (10. juli 193818. mars 2004) var ein historikar frå Volda. Han er særleg kjend for Norsk historie 1870-1905, ei bok som kom i to utgåver, 1973 og 1999, og har vore mykje nytta som læreverk på norske høgskular og universitet. Seinare skreiv han fire historiebøker om Volda i tidsrommet 1800-1945, samt artiklar og bøker om historiske tilhøve i Telemark.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nerbøvik studerte historie ved Universitetet i Oslo og avla eksamen i 1967 med hovudfagsoppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. I 1971 vart han tilsett på Distriktshøgskulen i Bø i Telemark. Han underviste i historie ved høgskulen til 1982. I 1983 flytta han tilbake til Volda for å undervise ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule, som etter samanslåing seinare fekk namnet Høgskulen i Volda. År 1993 disputerte han til doktorgraden (dr. philos.) ved Universitetet i Trondheim og vart same året utnemnd til professor i historie ved Høgskulen i Volda.

Nerbøvik skreiv ei lærebok for grunnfagsstudiet i historie ved norske høgskular, i den fyrste tida etter han fekk lærarstilling ved distriktshøgskulen i Bø. Verket Norsk historie 1870-1905, som kom i 1973, vart også teken i bruk på universitet. Ein omarbeidd og utvida versjon av boka kom i 1999.

Nerbøvik var særskilt oppteken med å studere framveksten av det moderne Noreg. Politiske stridslinjer i tidsrommet 1905-1940 vart særleg opplyst i hans yngre år, med verk som Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905–1914, Bondevener og andre uvener, og Bønder i kamp: Bygdefolkets krisehjelp 1925–35. Den siste boka, som kom i 1991 og var grunnlaget for doktorgradsarbeidet, var bygd på stoff som han tidlegare hadde arbeidd med og presentert i artikkelform. Seinare bøker, som Nasjonsbygging og modernisering (2000) og Volda-soga 1800-1945. Myndige møringar 1740-1870 (2004) krinsar om dei same tema, den eine handsama temaet ut frå ein teoretisk ståstad, den andre frå ei konkret, lokal setting.

Frå kring 1990 og til han døydde arbeidde Nerbøvik med bygdebøker for Volda, med samletittelen Volda-soga 1800-1945. Han rakk å fullføre fire band Volda-soge.

Aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1990-97 var Nerbøvik ein leiande forkjempar for Nynorsk kultursentrum og Ivar Aasen-tunet, det nasjonale opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur som vart opna på garden Åsen i Hovdebygda i Ørsta i 2000. . Nerbøvik heldt fram å undervise i Volda, men var i dei seinare år oftast busett i Oslo, der han døydde.

Bokverk[endre | endre wikiteksten]

  • Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905–1914 (1969)
  • Norsk historie 1870–1905 (1973)
  • Bygdebanken: Bø sparebank 1852–1977 (1977)
  • Bondevener og andre uvener (1979)
  • Bønder i kamp: Bygdefolkets krisehjelp 1925–35 (1991)
  • Volda-soga 1800-1945. Krigsår og motstandsvilje 1940–1945 (1996)
  • Volda-soga 1800-1945. Holmgang med havet 1838–1914 (1997)
  • Nasjonsbygging og modernisering (2000)
  • Volda-soga 1800-1945. Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898–1979 (2001)
  • Volda-soga 1800-1945. Myndige møringar 1740-1870 (2004)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lokalhistoriewiki