Morkinskinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morkinskinna (1009 fol.), ei side frå handskriftet.

Morkinskinna er ein kongesaga som omhandlar dei norske kongane i tidsrommet frå 1035, med tiltredinga av kong Magnus Olavsson den gode, og fram til 1157, då kong Øystein Haraldsson døydde. Boka vart skriven på Island ca. 1220 og er verna i eit handskrift frå ca. 1275.

Den morkne boka[endre | endre wikiteksten]

Namnet er opphavleg gjeve det handskriftet som er verna i Det Kongelege Biblioteket i København (1009 fol.). Det vart teke frå Island av Þormóður Torfason (Tormod Torfæus) i 1662, og det var han som gav handskriftet namnet. Morkinskinna tyder ‘morke skinn’, i motsetnad til Fagerskinna, som var i betre stand. Skriftet var ei gåve til Frederik III.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Morkinskinna byrjar med at fyrst Jaroslav og Ingegjerd Olofsdatter i Gardarike får Magnus Olavsson til oppfostring.[2] Dette må ha skjedd kort tid før far til Magnus, Olav den heilage, døydde i 1030. I 1035, som vanlegvis vert rekna som byrjinga av Morkinskinna,[3] kjem Magnus tilbake til Noreg og krev trona. Sagaen fortel deretter om dei norske kongane i kronologisk rekkjefølgje. Han sluttar brått av i 1157, då kong Øystein Haraldsson vart drepen i Ranrike. Den siste delen av manuskriptet er forsvunne. Ein kan likevel lese noko av resten i Snorres kongesagaer (Heimskringla), som byggjer på Morkinskinna. Sett i samanheng med Snorre Sturlason sin tekst er det ein del andre opplysningar i Morkinskinna, mellom anna om Einar Tambarskjelve, og historiene er òg meir omfattande om Harald Hardråde og Magnus den gode.

Morkinskinna har òg teke inn eit større innslag frå verket Ryggjastykke, som Eirik Oddsson skreiv på slutten av 1100-talet, og det finst òg innslag frå Ágrip af Nóregs konunga sögum.

I motsetnad til dei tidlegare nemnde sagaene er dei i Morkinskinna mindre tørre, og det er det eldste oversynsverket som gjev fritt spelerom for forteljarglede og forteljarkunst, og mange skaldekvad vert sitert. «Men det morsomste er anekdotene, og dem kryr det av i fremstillingen, i alt tretti slike þættir. Flere av dem – som fortellingen om skalden Ivar Ingemundsson og om Audun med isbjørnen – hører til det ypperste i norrøn fortellerkunst,» slår Harald og Edvard Beyer fast.[4]

Sagaer[endre | endre wikiteksten]

Morkinskinna inneheld følgjande sagaer:

Problematisert saga[endre | endre wikiteksten]

Interessa for Morkinskinna var lenge låg blant forskarane, sidan verket vart vurdert som dårlegare enn andre kongesagaer. Finnur Jónsson noterte ved utgjevinga i 1932 at «De gamle sagaer om de enkelte konger er blitt utvidet med større og mindre þættir, der skal tjene til å belyse kongenes karakter; de står ikke i noe organisk sammenheng med hovedsagaen».[12] Ein meinte tidlegare at teksten i Morkinskinna var ein dårlegare versjon frå ei opphavleg førsteutgåve av sagaen som ikkje lenger finst. Det var spesielt þættir som var problematisk sidan dei ikkje syntest å stå i ein klår samanheng med grunnstammen i sagaen. þættir vart gjentekne i andre verk og burde difor ikkje ha vore inkorporert i ein kongeleg biografi. Dei vart difor freista trekte ut av strukturen og presenterte som ein eigen litterær genre, som korte forteljingar eller noveller.

Først i seinare år har Morkinskinna vorte sett på med nye auge og vurdert slik verket var opphavleg, og ikkje naudsynleg som ein kompilasjon, men ei sjølvstendig saga, slik som Fagrskinna, skjønt det treng ikkje at å tyda at alt i Morkinskinna er forfatta av same forfattar. Filologen Ármann Jakobsson har argumentert for at þættir er døme (exempla) og har avgjort funksjon i sagaen ved at dei kastar ljos over rolla til kongen i samfunnet og framferda til dei einskilde kongane i høve kongeidealet. Difor er dei viktige for forståinga av Morkinskinna som ei høvisk kongesaga som rettar søkelyset på undersåttar og især islendingar saman med kongen.[13]

Nye utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Morkinskinna finst i Finnur Jónsson si utgåve frå 1932, og Jón Helgason si utgåve frå 1934, begge på islandsk, og ei engelsk omsetjing ved Theodore M. Andersson og Kari Ellen Gade frå 2000. Ei nynorsk utgåve kom i 2001 ved Kåre Flokenes.[14]

I eit gåvebrev av 13. mai 2005 vart det gjort kjent at den islandske regjeringa ynskte å foræra det norske folk ei vitskapleg utgåve av verket. Denne vart utgjeven i 2011 av Hið islenzka fornritafélag.[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frederik IIIs bøger / Morkinskinna. Island ca. 1275 fra Det Kongelige Bibliotek
  2. Morkinskinna (oversatt av Kåre Flokenes): 11-12
  3. Morkinskinna, etterord av professor Gunnstein Akselberg, s. 321
  4. Beyer, Harald og Edvard, Norges litteraturhistorie, Oslo 1978, side 40
  5. Unger, C.R. (1867), Morkinskinna, Christiania, s. 1-121 
  6. Unger 1867, s. 121-130
  7. Unger 1867, s. 130-156
  8. Unger 1867, s. 156-198
  9. Unger 1867, s. 198-200
  10. Unger 1867, s. 200-222
  11. Unger 1867, s. 223-237
  12. Morkinskinna fulltekst faksimile av 1932-utgaven
  13. «Rundt om kongen».En genvurdering af Morkinskinna av Ármann Jakobsson (PDF-fil) om den filologiske debatten rundt Morkinskinna
  14. Morkinskinna, norske kongesoger 1030-1157. Utgitt av Erling Skjalgssonselskapet, 2001. ISBN 82-91640-14-9.
  15. Morkinskinna, Norges kongesagaer. Utgitt av Hið islenzka fornritafélag, 2011. ISBN 978-9979-893-83-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]