Julegrøss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrømt i A Christmas Carol, illustrasjon til 1900-utgåva.

Julegrøss er ein tradisjon med å formidla skumle forteljingar i tilknyting til jula. Skikken er utbreidd i den engelsktalande verda.

Forteljingar om gjengangarar og overnaturlege har lenge vore knytt til jula i engelsk tradisjon.[1] I viktoriatida gav ei rekkje forfattarar ut slike forteljingar. Nokre av dei hadde juletema, som Eit juleeventyr av Charles Dickens frå 1843. Andre blei delte i jula, som i juleutgåver av bladet All the Year Round, gjeve ut av Dickens og med bidrag av mellom anna Elizabeth Gaskell og Wilkie Collins, og av M.R. James, som fortalde ei ny spøkelsesforteljing til utvalde gjestar kvar julaftan.[1] Henry James si forteljing The Turn of the Screw frå 1898 har ei rammeforteljing som seier at det blir fortald på julaftan.[2] Seinare blei det vanleg å senda dramatiseringar av slike forteljingar på britisk fjernsyn i jula, som i A Ghost Story for Christmas.[3]

Skikken har alltid stått sterkare i Storbritanna enn i USA, men den amerikanske julesongen «It's the Most Wonderful Time of the Year» frå 1963 nemner «scary ghost stories» som ein tradisjon saman med «caroling out in the snow.»[4] Det er også blitt laga fleire grøssarfilmar med juletema, som Black Christmas (fleire filmar),[5] Gremlins (1984) og Krampus (2015).[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cochrane, Kira (23. desember 2013). «Ghost stories: why the Victorians were so spookily good at them». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  2. «Christmas ghost stories: A history of seasonal spine-chillers», The Independent (på engelsk), 21. desember 2015, henta 26. november 2019 
  3. McGoogan, Cara (13. desember 2017). «The lost traditions of Christmas: ghost stories, roast beef and harlotry». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. 
  4. Shelton, Jacob, «How Telling Ghost Stories Around A Fire Used To Be A Christmas Tradition, Until Halloween Took Over», History Daily (på engelsk), henta 26. november 2019 
  5. Eidsvåg, Terje (21. desember 2007), «Klassisk julegrøss og dårlig nyinnspilling», adressa.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 22. februar 2008, henta 26. november 2019 
  6. Bruney, Gabrielle (14. oktober 2019), «The 10 Best Scary Christmas Movies to Watch Between Now and December 25», Esquire (på engelsk), henta 26. november 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]