Påskekrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gult politisperreband med påskrifta «crime scene».

Påskekrim er tradisjonen med å nyta krim, det vil seia oppklaringa av oppdikta brotsverk, i påsketida. Påskekrim verker vera eit særnorsk fenomen som blei stifta gjennom lanseringa av ein kriminalroman gjennom ein førstesidannonse i 1923 ein dag før palmesøndag.[1] Sidan er det blitt vanleg å lesa krim, løysa krimgåter, høyra krimhøyrespel og sjå krimseriar på fjernsyn i påsken.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I romanen sneik Bratt og kameratane seg på bergenstoget på Haugastøl stasjon.

Bergenstoget plyndret i natt var ein roman skriven av Jonathan Jerv, eit pseudonym for Nordahl Grieg og Nils Lie. Boka blei gjeven ut på Gyldendal der bror til Grieg, Harald Grieg, var redaktør. Ho blei lansert med ein annonse på førstesida til Aftenposten laurdag 24. mars 1923, dagen før palmesundag. Annonsen kunne likna ein nyhendesak, og mange folk skal ha blitt lurt til å tru av toget verkeleg var blitt plyndra. Marknadsføringa verka, og førsteopplaget på 7000 eksemplar blei seld ut.[2] Seinare er det blitt vanleg å gje eller stilla ut krimbøker til påske.[3]

Fredrik Wandrup la i 2014 fram fleire moglege teoriar for kvar påskekrimomgrepet kom frå, som at sjangeren stod til den skumle norske påskeferinga, at påsken var så lang at ein trengde spenningslitteratur til avveksling, at mordmysteria peika tilbake til heidenske blot om våren, at påsken var tida for eit kjent norsk justismord, eller at pocketbøker med krim var lette å pakka i påskesekken og eventuelt leggja igjen på hytta. Han ende likevele opp med marknadsføringsfenomen som beste forklaring. Andre har trekt paralellar til den kristne påskeforteljinga med «synd, skyld og soning».[4]

Påskekrim i media og det vidare samfunnet[endre | endre wikiteksten]

NRK byrja senda fjernsynskrim i påsken i 1976.[1] Den første detektiven deira var Lord Peter Wimsey, deretter følgde fleire britiske krimheltar som Adam Dalgliesh, Miss Marple, Hercule Poirot og Kriminalsjef Foyle. Også TV2 sender ofte krim til påske. TV3 og TVNorge har gjort det til tider, men sender ikkje påskekrim kvart år.[5][6]

NRK Radio har sendt krimhøyrespel nesten kvar påske sidan 1980.[7]

Påskekrim kan også ha form som ei gåte eller ein fritidsaktivitet deltakarar skal prøva å løysa. Norsk Folkemuseum hadde til dømes ei krimgåte laga av Hilde Hagerup som del av sine påskeaktivitetar i 2013.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Derfor leser vi påskekrim», Aftenposten, 29. mars 2010. 
  2. Ridderstrøm 2016, s. 19-20.
  3. Johan Mathis Gaup; Mette Ballovara (27.03.2013,), «Har skrevet «påskekrim» på samisk», NRK Sápmi ; PÅSKEKRIM Arkivert 2017-03-29 ved Wayback Machine., juritzen.no; Påskekrim, arkivert frå originalen 29. mars 2017, henta 28. mars 2017, «Vi stiller ut krim til påsken» 
  4. Ridderstrøm 2016, s. 29.
  5. Øyvind Rønning (6. april 1998), Påskekrim på 4 kanaler 
  6. «Årets påskekrim på tv er klar», Bodø Nu, 08.04.2014 
  7. «Påskekrim siden 1980», NRK.no, 07.04.2006 
  8. Ridderstrøm 2016, s. 7.