Julestove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tilreiing av gløgg til ei moderne julestove ved Hjortsvang Museum i Danmark.

Julestove viser til festar og festrom som ungdomar lånte frå skiftande eigarar for å arrangera julegilde med leik og dans i løpet av romjula. I Norden går skikken tilbake til 1600-talet. Julestovene blei gjerne halde frå kvelden andre- eller tredjedags jul og vidare utover nettene i romjula, like til trettande dag jul. I julestovene blei det stelt til fest med spel og dans og sterkt drikke. Mat var underordna eller blei ikkje servert. Til gjengjeld blei det drukke tett og flørta. Det blei gjerne rulla inn fleire tynner med heimebrygga øl til fritt bruk før festen kunne starta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det var dei unge som stod for pynting og invitasjonar, deltok både unge og gamle i arrangementa. Julespelmeister var som regel den same frå år til anna, og ein som viste seg spesielt eigna til å leia an i leikene, men det kunne òg vera fleire som bytte på sidan det gjerne varte i både eit og fleire døgn og det kunne variera kven som hadde mest kompetanse i utføringa av dei ulike leikene. Det blei utført både songleikar, gjetteleikar og kampsport (dra revkrok, bryta handbak osb.). Det var heller ikkje uvanleg at det var spelemenn til stades for å akkompagnera songen og spela opp til dans.

Mest aktive i songen og dansen var naturlegvis ungdomen. Dei som hadde eit godt auge til kvarandre fekk kan hende det første høvet sitt til å visa dette i samband med tilstellinga, og det var nok mange ektepar som vart kopla nettopp ved dette høvet.

Julestuene var med andre ord leikestover i vidaste forstand. Ein underheldt seg sjølv, song, dansa og spelte heile småkomedier for kvarandre. Mange juleleokar er i realiteten folkelege skodespel. Det var ikkje tribuneunderhaldning, men noko heile selskapet tok del i utan reservasjonar.

Skikken med å halda julestove går i alle fall tilbake til 1600-talet i Norden. Nils Lagli (1861–1954) fortel frå livet sitt i Nordland på siste halvdel av 1800-talet, at «Julspel og dansemoro, og lyst og leik synes likesom aa ligge i lufta straks jula er inne. Det merkes allerede julaften, – og førstedag jul gaar en alt i gang med aa leie julspelstue snart her, snart der hos gaardbrukere eller husmenn, kan hende aller helst hos de siste. Og Første juledags kveld etter fjøsti (etter klokka 8, da en har gjort seg ferdig i fjøset, og har gitt feet fôr, og selv har faatt kveldsmaten i seg) er stua gjort røødig for ungdommen som kommer og vil 'gjer julspel'. Har en saa en velskikket 'julspelmeister' som leder saa gaar moroa løs. Det første julspelet som en alminnelig tar til med er aa 'napp blindkjuka'.»[1]

Bakgrunn og forbod[endre | endre wikiteksten]

Juleleikane knytte til solsnu og midtvinterblot viste at kyrkja ikkje heilt lukkast med å gjera 'jólen' om til ei utelukkande kyrkjeleg høgtid etter innføringa av kristendommen. På 1100-talet freista rett nok prestestanden, utan særleg held, å leggja hindringer i vegen for juleforlystingane gjennom dekret om julefred frå første juledag til trettande dag jul.

I 1687 kom det inn ein paragraf i Christian Vs Norske Lov om at det var forbode å arrangera julestover, men lovbestemminga vart i lita grad handheva. Med kronprinsesse Sophie Magdalene sitt ekteskap i 1721 med seinare kong Christian VI av Danmark og Noreg fekk den tyske pietismen sterkare innpass i Danmark, og førde til auka motstand mot julegilde, juleforlystingar og julestover. Dette stemningsskiftet dannar bakgrunnen for Ludvig Holberg sin komedie Jule-Stue (1724).[2] Nokre år seinare, i 1735, blei det då òg innført eit nytt totalforbod mot å halda julestover i Danmark-Noreg. Det same forbodet mot leik og spel ramma òg det folkelege-dramatiske stjernespelet, som spelte ut seg innanfor nøyaktig den same perioden av julehøgtida.

Forbodet lét seg kanskje til ei viss grad handheva av vektarkorpsa i dei største byane, men fekk relativt lita tyding i meir avsidesliggjande strøk. Julestovene synest difor einskilde stadar på landbygda å ha halde seg ganske godt i hevd til langt opp i 1930-åra. I dag eksisterer julelekene stort sett berre som private selskapsleikar og som aktivitetar for barn i samband med juletrefestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nils Lagli, op. cit.
  2. Edvardsen 1993, s.

Litteratur
  • «julestue», Ordbog over det danske Sprog, http://ordnet.dk/ods/ordbog?query=julestue, henta 1. januar 2015 
  • Nils Lagli: Julspel i Ranen. Illustrasjonar av Kine Hermansen. [Anne Moestue: Innleiing, s. 10-22.] Norsk Folkeminnelags skriftar nr. 139. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 1994. ISBN 82-03-17482-5
  • Anne Moestue 1994, sjå Nils Lagli.
  • Hans Wiers-Jenssen og Haakon Hougen: Stjernespel og stjernesong i Noreg. ”Norvegia Sacra” 1921 og 1937. [Faksimile av to eldre tidsskriftartiklar og ein oppdatert gjennomgang av seinare munnlege og skriftlege kjelder til stjerneguttradisjonen i Noreg og ei kort skildring av skikken andre stadar i verda ved Erik Henning Edvardsen på s. V-VII og 109- 160.] Norsk Folkeminnelags skriftar nr. 138. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo 1993. ISBN 82-991811-2-7.