Trettande dag jul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flamske gutar utkledd som heilage tre kongar i 2010.

Trettande dag jul, heilage tre kongars dag, gamle juledag, epifani eller Kristi openberringsdag er ein kristen høgtidsdag som fell på 6. januar, eller søndagen mellom 2. og 8. januar. Dagen er til minne om openberringa av Jesus til verda, i austleg kristendom med fokus på dåpen hans, i vestleg kristendom ved at tre vise menn, eller kongar, vitja det nyleg fødde Jesusbarnet.

Trettandedag kan avmerkast på primstaven med tre kroner, tre krossar eller tre menn.

Dagen er ein tradisjonell slutt på jula, og i katolsk tradisjon overgangen til karnevalet. Han blir innleidd av tolvte dag jul, heilagetrekongarsaftan, og følgd av tjuandedag ein oktav seinare.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Reyes magos i Mexico.

Dia de los tres Reyes, som er det spanske namnet, er viktig i mange spansktalande område. I Spania blir julegåver gjevne denne dagen. I Mexico kan ungar senda opp ballongar med ønskebrev til kongane og ta bilde av seg sjølv saman med utkledde heilage tre kongar.

Særleg i katolske land er det også vanleg å eta «kongekaker», særskilde kaker der det gjerne er innbakt bønner eller små figurar meir eller mindre knytte til feiringa. Tradisjonelt blei den som fekk gjenstanden i kaka utropt til (bønne)konge eller dronning for dagen. I nyare tid kan ein i staden få i oppdrag å kjøpa neste kake.

Opptog til minne om dei tre kongane har funne stad også i reformerte område, der skikken er blitt lausrive frå kyrkja. Barn utkledde som kongar og stjernegutar med høge, spissa hattar synga heilage tre konger-viser i opptog var vanlege i Danmark på denne dagen fram til for rundt 100 år sidan, og er blitt tekne opp igjen i nyare tid.

Prosesjon i Bulgaria ved trettandedagen.

Kristi openberringsdag er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja.

Status[endre | endre wikiteksten]

Trettandedagen er som julaftan å rekna i Spania. Dagen er også viktig i mange andre spansktalande område.

I Sverige og Finland er trettondedagen offentleg heilagdag.

Dagen var heilagdag i Danmark-Noreg fram til festdagsreduksjonen i 1771 og vart sidan halde som slenghelg, ein dag då tenarane fekk fri, men kunne gjere lett arbeid for seg sjølve, fram mot moderne tid. I Den norske kyrkja er feiringa av dagen flytta til Kristi openberrings sundag. I vår tid er trettandedagen ein dag det mange stader er tradisjon for juletrefestar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]