Julefred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete frå julefreden mellom britiske og tyske soldatar i 1914.

Julefred kan visa til fleire former for fred i jula. Omgrepet kan visa til at ein lèt strid og konflikt ligga, eller ei generell kjensle av ro og kvile der ein let arbeid og stress liggja og samlar seg til feiring. Freden kan vera ein motsats til krig og vald, som den kjende hendinga under første verdskrigen der soldatar skipa til uoffisielle våpenkviler julaftan fleire år på rad, eller den gamle nordiske julefredsordninga der til dømes drap blei straffa hardare om dei fann stad under høgtida. Den nordiske tradisjonen stammar frå mellomalderen, og blir halden i hevd gjennom årlege lysingar i Åbo i Finland klokka tolv kvar julaftan. I Noreg er det forbod mot jakt og fangst i tida frå og med julaftan til og med nyårsaftan.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Anno 1593 paa Set. Thomæ Dag, som er den 21de Decembris, blev sat Julefred efter Byloven.

Bergens rådhusprotokoll

Historisk var julefred ei tid kring jul der det skulle herska fred. Det kunne skipast til «julevakt» som gjekk rundt og passa på at freden blei halden. Fram til 1500-talet var lovar som forbaud valdshandlingar innfelt i det norske lovverket. Ein Baltzer Thorbiørnsen som drap ein mann i jula fekk bøtene sine dobla fordi han hadde brote julefreden. Etter den svenske Östgötalagen voks bota på drap frå 26,7 mark med 3 mark om det blei utført under julefredstida, som varte frå julaftan til tjuandedagen. Julefred skulle gjelda også motstandarar og fiendar. Ein skulle la rettstvistar og liknande kvile denne tida. Ein kan finna gjenklang av dette når ein i moderne tid melder at kyrkjeasylantar skal få julefred ved å vita at dei ikkje vil bli pågripne eller tekne ut av landet i juletida.

Dyr skulle også ha fred i jula, både husdyr som gjerne fekk ekstra mat til jul, fuglar som fekk kornband, og rovdyr og skadedyr. I juletida skulle ein ikkje nemna dyr som ulv, bjørn, rotte og mus med namn, men bruka omskrivingar.

Julefred i tydinga kvile frå arbeid har også gamle røter. Det var knytt til ulukke å utføra fleire typar arbeid under jula, som å hogga ved eller utføra arbeid med hjulaktige rørsler som spinning, garnvinning eller boring.

I morgon, vill Gud, infaller vår Herres och Frälsares nåderika födelsefest; och varder förty härigenom en allmän julfred kungjord och påbjuden, med åtvarning till envar att denna högtid med tillbörlig andakt fira, och i övrigt iakttaga ett stilla och fridsamt uppförande, emedan den, som häremot bryter samt julhögtiden genom något olagligt eller otillbörligt förfarande oskärar, gör sig under försvårande omständigheter förfallen till det straff, lag och författningar för varje brott och överträdelse särskilt påbjuda. Slutligen tillönskas stadens samtliga invånare en fröjdefull julhelg

Julefredlysinga i Åbo sidan 1827.

Markeringar[endre | endre wikiteksten]

Utlysinga av julefreden i Åbo (Turku) i Finland.

Eit utbreidd teikn på at julefreden senka seg var ringinga av kyrkjeklokkene ved solnedgang. Den store klokka kunne i dette høve kallast «Mariklokka». Etter at ein høyrde denne skulle alt arbeid ta slutt. I nyare tid kan til dømes butikkar stenga samtidig som julefreden blir lyst.

Den finske byen Åbo (Turku) har ein lang tradisjon for å utlysa julefred. Tradisjonen med å lysa ut freden frå rådhustorget og seinare rådhuset har røter frå mellomalderen. Sidan 1886 har han blitt utført årleg frå balkongen på Brinkala-huset, med unntak i 1917 og 1939, under verdskrigane. Lysinga har vore send på finsk radio sidan 1935 og på fjernsyn sidan 1983. Ho blir også send på svensk fjernsyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]