Romjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mellomjul, romjul eller romhelg (frå norr. rúmheilagr 'ikkje heilag etter lova') viser til eit tidsrom etter juleheilagdagane og fram til slutten av jula. I eldre tid var dette som regel tida mellom andre juledag og trettandedag 6. januar. I nyare tid reknar ein gjerne med at romjula sluttar ved nyårsdag 1. januar.

Mange har ferie i romjula, og kan nytta tida til avslapping, sosiale høve eller reising. Samstundes opner fleire butikkar og arbeidsstader etter fleire heilagdagar, og ein kan dermed nytta tida til å bytta julegåver, eller ein kan gå på jobb. I nokre engelsktalande land er omgrepet Boxing Week innført om denne perioden, som tidlegare ikkje hadde noko særskild namn på engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]