Julija Zaripova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Julija Saripova)
Jump to navigation Jump to search
Julija Zaripova
Yuliya Zaripova Daegu 2011.jpg
Fødd 26. april 1986
Volgograd
Julija Zaripova på Commons

Julija Mikhajlovna Zaripova[a] (fødd Ivanova26. april 1986) er ein russisk hinder- og langdistanseløpar frå Volgograd oblast som vann gullmedaljen på 3000 meter hinder under EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og Sommar-OL 2012.

Julija (Zarudneva) Zaripova vinn spurten mot Marta Domínguez under friidretts-EM 2010 i Barcelona

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ho vart russisk meister på 3000 m hinder i 2009. Under friidretts-VM i Berlin same året vann ho sølvmedaljen i øvinga på den gode tida 9.08,3, eitt sekund bak verdsmeisteren Marta Domínguez frå Spania. Året etter vart posisjonane omsnudd under europameisterskapen i Barcelona. Då vann Zaripova spurten med knapp margin og vart europameister med 9.17,5.

I 2011 vart Zaripova verdsmeister på 3000 m hinder på suverent vis. Vinnartida 9.07,0 var årsbeste i verda, og ho slo sølvmedaljøren Habiba Ghribi frå Tunisia med nær fem sekundar. Kruna på verket sette Zaripova i 2012. Under sommarleikane i London vart ho olympisk meister med tida 9,06,7, på ny vart det ein sølvmedalje til Ghribi som fekk notert 9.08,3. Elleve dagar etter ho vann OL-gullet forbetra Zaripova sin personlege hinderrekord til 9.05,0 då ho vann hinderløpet under eit DL-stemne i Stockholm.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Юлия Михайловна Зарипова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]