Julius Hougen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julius Hougen
Julius Hougen 1935.jpg
Fødd 7. november 1906
Kristiansand
Død

19. desember 1993

Yrke journalist

Julius Hougen (fødd 7. november 1906 i Kristiansand, daud 19. desember 1993) var ein norsk jurist og radiojournalist. Han var programredaktør og leiar for NRKs avdelingskontor i Kristiansand 1967–1976. Han er kjend som «stemmen frå Sørlandet».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hougen tok juridisk embetseksamen i Oslo i 1930. Då Kringkastingsselskapet opna sørlandskontor same år, vart han ein av dei få medarbeiderne der. Noko år seinare vart han leiar for kontoret, samstundes som han var dommarfullmektig. I 1933 overtok NRK kontoret, og Hougen heldt fram tilknyttinga si til radioen, kombinert med ymse stillingar i politiet.[2]

Under andre verdskrigen var Hougen aktiv i motstandsrørsla gjennom Kampgruppe 3 under leiing av Arne Laudal. Då gruppa vart sprengt mot slutten av 1942, hamna Hougen på Grini, først på dødscelle, seinare i vanleg fangenskap fram til januar 1945.

Etter krigen jobba han ei tid ved NRK i Oslo. Blant anna rapporterte han då kong Haakon VIIs kom tilbake til hovudstaden 7. juni 1945. Hougen vende likevel snart attende til heimbyen. Der verka han ved distriktskontoret fram til pensjonsalderen, først som programsekretær, seinare som sjef. Han var kjend for sin levande reportasjestil og for si evne til å koma innpå menneske frå alle lag. Han gjekk under namnet «stemmen frå Sørlandet».

Hougen var aktiv i det norske visemiljøet, mellom anna som ein av initiativtakarane til Visens venner Han redigerte visebøker og skreiv og komponerte ein del songar. Han er òg kjend som underhaldningsartist, mellom anna under aliaset «pensjonist Tobias Tønnesen», saman med Odd Børretzen.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK. «Sørlandets helter». NRK (bokmål). Henta 15. januar 2018. 
  2. Aukland, Lodin (28. september 2014). «Julius Hougen». Norsk biografisk leksikon (norsk). Henta 15. januar 2018. 
  3. «Pensjonistene | Odd Børretzen & Julius Hougen | Dikt | Tylden & Co. AS». tylden.no (bokmål). 
  4. NRK. «Gyldne gjenhør». NRK (bokmål). Henta 15. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]