Julius Martov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martov

Julius O. Tsederbaum (24. november 18734. april 1923) kom tidleg med i det illegale arbeidet mot tsarismen, som medlem i det russiske sosialdemokratiske partiet (RSDRP). Han blei forvist til Sibir, ikkje langt unna ein annan forvist sosialdemokrat som heitte Vladimir I. Uljanov. Desse to hadde ein viss kontakt, og forholdet mellom dei skulle bli livslangt men konfliktfylt.

Tsederbaum, som brukte dekknamnet Martov, drog etter forvisninga i eksil, og blei saman med Uljanov (betre kjend som Vladimir Lenin) med i styret for partiavisa Iskra (Gneisten). Dei politiske motsetningane mellom dei kom for ein dag på partikongressen i London i 1903. Lenins forslag til nye strenge organisasjonsprinsipp blei først nedstemt, men tilhengarane hans fekk fleirtal under vala, og kalla seg deretter bolsjevikar, fleirtalsmenn. Martov og mindretalet blei kjende som mensjevikar, mindretalsmenn. Partiet var frå no delt i to fraksjonar, som seinare blei to ulike parti, sjølv om leninistane/bolsjevikane ikkje begynte å kalle seg kommunistar før i 1918.

Martov argumenterte sterkt mot at partiet skulle styrast etter ein slags unntakslover som gav leiinga farleg stor makt. Han fekk støtte bl.a. frå Lev Bronstein (Lev Trotskij) og Rosa Luxemburg.

Da første verdskrigen begynte, stemte begge dei sosialdemokratiske fraksjonane i nasjonalforsamlinga Dumaen mot krigskredittar. Men snart utvikla det seg ei «defensistisk» fløy blant mensjevikane. Martov sine venstre-mensjevikar heldt likevel fast på krigsmotstanden.

I mars 1917 braut tsarismen saman, og det blei oppretta ei provisorisk regjering. Samtidig gjenoppstod arbeidarråda, sovjeta, som hadde oppstått første gongen under revolusjonsforsøket i 1905.

Den provisoriske regjeringa var svak. Dens fremste feil var at den forsøkte å halde fram med krigen.

I november gjennomførte bolsjevikane sitt kupp under parolen «All makt til sovjeta», og den provisoriske regjeringa fall nesten utan sverdslag. Martov, som var einig i at ei ny mellombels regjering måtte utgå fra sovjeta, kravde regjeringsrepresentasjon frå alle partia som var representerte der, og ikkje berre eitt.

Valet til grunnlovgivande forsamling blei halde. Men da det viste seg at bolsjevikane berre fekk 25 prosent av stemmene, og bondepartiet SR fekk over 50 prosent, oppløyste bolsjevikane forsamlinga. Martov protesterte, og kravde ei samlingsregjering av alle venstrepartia.

Dei mensjevikiske avisene blei stengde ei etter ei, sjølv om Martov da borgar- og intervensjonskrigen begynte fordømte dei såkalla «kvite» generalane og deira vestlege hjelparar, og oppfordra til aktivt forsvar for revolusjonen og sovjet-regjeringa.

Mens borgerkrigen varte, blei Martovs mensjevikar halvveges tolererte. Men da den var over blei mange arresterte eller drivne i eksil, blant dei Martov.

Ved borgerkrigens slutt var stemninga i Russland ifølgje historikaren Isaac Deutscher slik at mensjevikar og anarkistar utan tvil ville vunne eit fritt val. Men Lenin og Trotskij stod no fast på eittpartidiktaturet.

Martov slo seg ned i Berlin, der han framleis var aktiv, både i den mensjevikiske eksilorganisasjonen og i den såkalla To-og-ein-halv-internasjonalen av venstresosialistiske parti, til han døydde i 1923.

I dag den demokratiske venstresosialismen som Martov stod for det einaste levedyktige alternativet til kapitalismen, mens eittpartidiktaturet blir avvist av praktisk talt alle på venstresida.

Viktige verk av Martov er mellom andre desse:

Ned med dødsstraffa! (Down with the death penalty, 1918), Nedbryting eller erobring av staten? (Decomposition or conquest of the state, 1921/1923).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]