Julius von Payer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julius von Payer
Luckhardt - Julius von Payer (ÖNB 8080757).jpg
Fødd 1. september 1842
Teplice
Død

30. august 1915
Bled

Yrke oppdagar, kunstmålar, kartograf, militær
Julius von Payer på Commons

Julius Johannes Ludovicus Ritter von Payer (1. september 184229. august 1915) var ein austerriksk polarforskar, kartograf, målar og fjellklatrar. Han var også offiser i den austerrikske hæren og professor ved Theresianische Militärakademie.

I 1872–74 leia han den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen saman med Karl Weyprecht, der dei mellom anna oppdaga arkipelet Frans Josefs land i 1873.

Payer blei fødd i Schönau i Böhmen, no Teplice i Tsjekkia, som son av den pensjonerte offiseren Franz Anton Rudolf Payer og Blandine Payer, fødd John.[1] Han fekk si militære utdanning ved kadettinstituttet Lobzowa ved Krakow og deretter ved Theresianische Militärakademie i Wiener Neustadt.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 1859 var Payer Unterleutnant med det 36. austerrikske infanteriregimentet. Han tok del i slaget ved Solferino den 24. juni 1859, der Austerrike leid eit stort nederlag. Sjølv blei han æra for innstatsen. Etter å ha blitt utnemnd til løytnant av første klasse blei han send til garnisonen i Chioggia i Venetia i 1864. 24. juni 1866 tok han del i slaget ved Custoza, og blei igjen dekorert for innsatsen og forfremma til Oberleutnant.

Frå 1863 hadde Payer undervist i historie og geografi ved kadettskulen i Eisenstadt i Ungarn og ved Theresianische Militärakademie. I 1868 blei han utnemnd av den austerrisk-ungarske krigsministerten til generalstabsoffiser ved Militärgeographisches Institut i Wien. Her arbeidde han saman med August von Fligely.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Nordsida av Ortler av Payer (1865).

I 1862 byrja Payer å klatra i Alpane i Tyrol og Hohe Tauern i fritida si. Frå 1864 utforska han Adamello-Presanella-gruppa og Ortleralpane, og gjorde fleire titals førsteklatringar. I 1863 var han den første opp på Adamello og Großglockner, og var den andre til å nå toppen av Presanella, tre veker etter førsteklatringa. Frå 1865 til 1868 nådde han saman med Johann Pinggera frå Sulden nådde han dei fleste uklatra toppan i Ortleralpane, som Hoher Angelus (3521 m), Vertainspitze (3545 m), Palon de la Mare (3703 m), Monte Zebru (3735) og Monte Cevedale (3769 m). Deira nye klatrerute til toppen av Ortler (3905 m) blei den vanlege ruta til toppen etterpå.

Turane til Payer førte til eit detaljert topografisk kart med skala 1:56 000. Han blei overført til Militärgeographisches Institut som følgje av verka sine. Då den første fjellhytta over 3000 m blei bygd i 1875 blei ho kalla Payerhütte til ære for han.

Polarutforsking[endre | endre wikiteksten]

Julius von Payer

I 1868 blei Paye beden av den tyske geografen August Petermann om å ta del i den andre tyske nordpolekspedisjonen som topograf. Han sigla til kysten av Aust-Grønland med «Germania» under kaptein Carl Koldewey i 1869-1870, dei kom så langt nord som Shannon Island. I 1871 deltok han på den austro-ungarske ekspedisjonen til Novaja Zemlja med Karl Weyprecht.

I 1872–74 leia han den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen saman med Weyprecht. Weyprecht hadde kommando til havs og Payer til lands. Under denne reisa oppdaga dei Frans Josefs land i 1873. Men då dei kom tilbake til Wien blei det sådd tvil om oppdaginga. Payer blei berre tildelt 44 austro-ungarske gulden for oppdaginga, og blei ikkje forfremja til kapteins grad. Men i 1876 blei han opphøgd til den austerrikske adelen slik at han og mannlege etterkomarar kunne bruka tittelen Ritter von, medan kvinnelege etterkomarar kunne bruka von.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Bjørnejakt i Franz Josef Land.

I 1877 gifta Ritter von Payer seg med ekskona til ein bankier frå Frankfurt am Main. Dei fekk to barn, Jules og Alice. Paret skilde seg i 1890.

Frå 1877 til 1879 studerte han måleri ved Städelsches Institut i Frankfurt am Main. Han fortsette studia ved Akademie der bildenden Künste i München i 1880-1882. I München måla Payer ein større bildesyklus av Franklin-polarekspedisjonen, og fekk stormedaljen til akademiet for dette. Frå 1884 til 1890 verka han som målar i Paris. I 1890 vende han tilbake til Wien og grunnla ein målarskule for damer. Monumentalmåleri av Payer med polare scener finst i Naturhistorisk museum og Militærhistorisk museum i Wien.

Ritter von Payer døydde i Veldes i Øvre Carniola, no Krain i Slovenia, i 1915. Han er gravlagd i Wiener Zentralfriedhof.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1975 blei han tildelt gullmedaljen til Royal Geographical Society.[2]

Payerhütte i Alpane, fleire gater i Wien og hovudøya i Frans Josefs land, Payerøya, er kalla opp etter han. I tillegg har PayerfjellaAntarktika og Payer Land på Aust-Grønland namn etter Julius von Payer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Müller: Julius von Payer. Ein Bahnbrecher der Alpen- und Polarforschung und Maler der Polarwelt. Wissenschaftliche VG, Stuttgart 1956, S. IX.
  2. «List of Past Gold Medal Winners» (PDF). Royal Geographical Society. Arkivert frå originalen (PDF) 27 September 2011. Henta 24 August 2015.