Payerøya

Koordinatar: 81°08′58″N 57°30′41″E / 81.14944°N 57.51139°E / 81.14944; 57.51139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa til Zemlja Zitsjy i Frans Josefs land. Payerøya ligg om lag i midten.

Payerøya (russisk Остров Пайера, Ostrov Pajera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho har eit areal på 160 km².

Payerøya er ein del av Zitsjy land, ei undergruppe i Frans Josefs land.

Øya er kalla opp etter Julius Johannes Ludovicus von Payer, ein austerriksk-ungarar som måla mange landskap frå Arktis og som var ein av leiarane av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

Like aust for Payerøya ligg nokre småøyar:

  • Stoliczkaøya (Остров Столичка; Ostrov Stolitsjka) er den av øyane som ligg lengst borte og er ein ynglestad for kvalross. Ho er kalla opp etter den mähriske paleontologen Ferdinand Stoliczka (1838–1874) av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen.
  • Ostrov Apollonova ligg i sundet mellom Stoliczka- og Payerøya. Ho er berre 500 meter lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


81°08′58″N 57°30′41″E / 81.14944°N 57.51139°E / 81.14944; 57.51139