Juscelino Kubitschek
| Juscelino Kubitschek | |||
| | |||
| Fødd | 12. september 1902 Diamantina | ||
|---|---|---|---|
| Død | 22. august 1976 (73 år) | ||
| Statsborgar av | Brasil | ||
| Religion | Den katolske kyrkja | ||
| Yrke | lege, politikar, skribent | ||
| Utdanna ved | Universidade Federal de Minas Gerais | ||
| Mor | Júlia Kubitschek | ||
| Ektefelle | Sarah Kubitschek | ||
| Barn | Maria Estela Kubitschek, Márcia Kubitschek | ||
| Alle verv | |||
Juscelino Kubitschek de Oliveira (12. september 1902–22. august 1976) var ein brasiliansk politikar. Han var president frå 1956 til 1961 i landet som representant for sentrumspartiet Partido Social Democrático (PSD).[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Kubitschek var utdanna lege. Under president-valgkampen lovde han «femti års framgang på fem». Som president vart han vidkjend for si ambisiøse byplanlegging, framom alt for vedtaket om å flytte hovudstaden i landet frå Rio de Janeiro. Den nye hovudstaden Brasília vart bygt på fire år, Kubitschek innvigde i 1960 sjølv den nye hovedstaden. Trass økonomisk og kulturell vekst gjennom presidentperioden, førte bygginga av Brasília til at inflasjonen steig frå 19 prosent i 1956 til 43 prosent i 1961.[1]
Kubitschek gjekk av som president i 1961 og var deretter senator for delstaten Goiás. Under militærdiktaturet var PSD-partiet frå 1964 forbode og Kubitschek utestengd frå all politisk aktivitet i ti år. Han omkom i ei bilulykke i 1976, men var så populær at militærregjeringa erklærte tre dagars landesorg.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Store norske leksikon (2005-2007); Skatvik, Frida: Juscelino Kubitschek i Store norske leksikon på snl.no. Henta 1. oktober 2024.