Kåre Øistein Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Øistein Hansen
Fødd 8. november 1927
Død

6. mai 2012

Yrke politikar

Kåre Øistein Hansen (8. november 19276. mai 2012) var ein norsk fagforeiningsmann og SV-politikar. Han var medlem av forbundsstyret i Jarn og Metall 1966-73 og vart innvalgt på Stortinget frå Buskerud i 1973-1977.

Bakgrunn og yrke[endre | endre wikiteksten]

Kåre Øistein Hansen vart fødd i 1927 i Drammen, Buskerud. Han var son av sosialsekretær Harald Bernhard Hansen (1894-1970) og husmor og bekledningsarbeidar Gudrun f. Hansen (1893-1989). Han gjekk på Fjellheim folkeskole og Drammen realskole, men skulegangen vart avbrote i 1942. Faren var medlem av Nasjonal Samling, NS, og førte sonen inn i det nasjonalsosialistiske miljøet. Hansen vart medlem av NS Ungdomsfylking, vart sendt på førarskule, gjekk i mekanikarlære på ein av NSUFs yrkesskolar i Oslo og kom i 1944 med i SS Skijegerbataljon. Etter krigen vart han arrestert og dømt for landsvik og medverknad til drap på ein heimmefrontmann, sjølv om medverknaden hans etter retten si meining var svært liten. Dessutan var han berre 17 år då det skjedde. Hansen vart dømt til fire års tvangsarbeid i Drammen byrett 24. nov 1947.[1] Etter å ha sona vel halvparten av domen, slapp han ut i 1948 og fekk jobb som reparatør. Så vart han mekanikar, montør og dreiar ved Drammen armaturfabrikk i 1949-1955. Han fekk fagarbeidarbevis som mekanikar i 1952, tok tillitsmannskurs i Norsk jarn- og metallarbeidarforbund 1951-1968, handelsskole i 1955 og LO-skulen i 1960. Han arbeidde som montør i Hydraulik A/S i Drammen 1955-1978, var inspektør ved det 2. distriktet til arbeidstilsynet i Oslo 1978-1983 og verna- og miljøleiar i kontoret for eldreomsorg i Oslo kommune 1983-1990.[2]

Tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Hansen vart medlem av klubbstyret i Drammen armaturfabrikk 1951-1953, medlem i styret i avd 30 i Jarn og Metall 1956-1957 og formann 1960-1962 og klubbformann ved Hydraulik A/S 1956-1958, 1960-1968, 1970-1972. Som fagtillitsvald tok Hansen aktiv leiing i kampen for svake og utsette. Han skapte eit sterkt arbeidarkollektiv i føretaket og fekk leiinga til å ta inn tilsette med funksjonshemmingar. Han gjekk òg utover rammene til føretaket og organiserte kulturaktivitetar i samarbeid med Drammen Teater og pussa opp ein barneheim i nærleiken. I 1966-1973 var han medlem av forbundsstyret i Jarn og Metall og i 1968-1972 av ankenemnda for mekanikarar.

I 1960-72 var Hansen medlem av representantskapet i Drammen Arbeidarparti og i 1971 vart han valt til medlem av Drammen bystyre og byplanråd og dessutan Buskerud fylkesting for Arbeidarpartiet. Men han gjekk ut, fordi han var mot norsk medlemskap i EEC. Han vart formann for Demokratiske sosialistar AIK, Buskerud, ei utbrytargruppe frå Arbeidarpartiet som sluttert seg til Sosialistisk Valforbund (seinare Sosialistisk Venstreparti, SV) før valet i 1973. Ved valet vart Kåre Øistein Hansen valt som stortingsrepresentant for SV i Buskerud, vart medlem av Stortingets finanskomite og av styret for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar. Sidan SV gjorde eit uventa godt val, vart landssvikdommen mot Hansen teke opp igjen av einskilde medium og freista brukt mot han og partiet. Men Hansen fekk full tillit frå SVs hovedstyre og Stortinggruppe og Drammen faglege samorganisasjon i tillegg til ei rekkje einskildpersonar, blant anna LO-leiar Tor Aspengren, leiar av Stortingets justiskomite Bjørn Unneberg frå Senterpartiet og professor i strafferett Johs Andenæs ved Universitetet i Oslo. I eit rettssamfunn skulle ingen som hadde sona straffa si og teke eit oppgjør med fortida, verta dømt på nytt, og Hansen vart av folk som hadde samarbeidt med han, skildra som eit tvert gjennom heiderleg og eit usedvanleg fint menneske. Både han og partikollega Hanna Kvanmo, som òg var landssvikdømt i ungdomen sin, vart sitjande på Stortinget valperioden ut, til 1977.[3]

Kåre Øistein Hansen var aktiv idrettsmann, fiskar og fotballdommar. Han trena opp førarhundar for blinde og fekk ei rekkje verv i Drammen og omegn fotballkrets og Noregs Fotballforbund 1955-1973.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hansen gifta seg i 1949 med Laila Johanne f. Kaldestad i Bergen (1928-2012) og dei fekk tre born. Han skilde seg i 1977 og vart samboar, seinare gift med Torild Skard (1936-), òg stortingsrepresentant for SV i 1973-77.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stein Arne Bakken: "Skal han dømmes på nytt?"
  2. Stortinget.no - Biografi
  3. Bjørn Unneberg: "Stortingets verdighet", Aftenposten, 22. jan 1974 og Orientering, 2. feb 1974, s. 9-10, Johs.
  • Olaf Chr. Torp (1978): Stortinget Hausten 1973-Våren 1977, Oslo: Universitetsforlaget ISBN 82-00-05190-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]