Kafr Shams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kafr Shams
كفر شمس
landsby
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Al-Sanamayn
Høgd 800 moh.
Koordinatar 33°7′N 36°7′E / 33.117°N 36.117°E / 33.117; 36.117
Folketal 12 435  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Kafr Shams
33°07′00″N 36°07′00″E / 33.11666667°N 36.11666667°E / 33.11666667; 36.11666667

Kafr Shams (arabisk كفر شمس, òg skrive Kfar Shams eller Kafr ash-Shams) er ein liten by sør i Syria som administrativt høyrer til Al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement. Han ligg 16 km nordvest for al-Sanamayn, like aust for Golanhøgdene og mellom Damaskus og Daraa. I 2004 hadde Kafr Shams i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 12 435.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kafr Shams opplevde kraftig veks under bysantinsk styre, særleg under regjeringstida til Justinianus I av Austromarriket, hovudsakleg store hus på landsbygda.[2] Byen vart dominert av ghassanidane, eit arabisk kristent vasall-kongedøme under bysantinarane. Ghassanidane bygde eit stort monofysittistisk kloster der kring 570 evt.[3]

I 1870-åra rapporterte Palestine Exploration Fund at Kafr Shams hadde 600 muslimar som levde i 120 til 130 hus. Dei noterte seg eldgamle ruinar og underjordiske bogar i landsbyen og to ghassanidiske kloster var framleis stort sett intakt.[4]

Under Yom Kippur-krigen i 1973 var Kafr Shams åstad for kampar mellom den israelske hæren og ein samla styrke frå den jordanske, irakiske og syriske hærane.[5]

Mange av innbyggjarane i Kafr Shams har delteke i demonstrasjonane mot den syriske regjeringa som ein del av den syriske borgarkrigen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. Banaji, s.17.
  3. Shahod, s.203.
  4. Palestine Exploration Fund, s.194.
  5. Thompson, s.235.
  6. Syrian protest amid reports of army push on Deraa. The Daily Telegraph. 2012-03-05.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]