Kahwah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kopp kahwah.

Kahwah eller kehwah (قہوہ, også transliterert qehwa, kehwa, kahwa, er ein tradisjonell tedrikk frå Sør- og Sentral-Asia.

Han blir laga med grøne teblad og krydder som safran, kanelstang og kardemommekapslar. Ofte har ein også litt tørka frukt som eple, aprikos, dadlar, kirsebær eller rosin, eller nøtter som valnøtt, pistasj, mandlar eller kasju oppi.[1] Ein kan også ha roseblad i teen.[2]

Nokre gonger blir drikken laga som ein rein urtete, utan teblada. Drikken kan serverast med sukker eller honning.

Kahwah blir laga i Afghanistan, nordlege Pakistan (Khyber Pakhtunkhwa, Gilgit-Baltistan og nordlege Panjab), Kashmir og nokre delar av Sentral-Asia.

Blant kasjmirarar er drikken vanleg å servera til frukost, gjerne med bakverk som girda til. Han kan vera drikke til eit festmåltid, og etter wazwan.

I Nord-Malabar i India blir kahwah gjerne servert etter eit måltid, typisk etter lunsj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Oppskrifter