Kamanneh
Kamanneh | |||
landsby | |||
Vest-Kamanneh
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
![]() Kamanneh | |||
Wikimedia Commons: Kamanneh | |||
Kamanneh eller Kamane (arabisk كمانه, hebraisk skrift כמאנה) er ein beduinlandsby i Misgav regionale kommune i Israel. Han vart til då Suweid (Aust-Kammaneh) og Kamun (Vest-Kammaneh) og den nye landsbyen bestod av seks nabolag. Han ligg ved Har Kamun nord for den israelsk-arabiske byen Sakhnin. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen 1 100 innbyggjarar i 2005.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kamanneh vart grunnlagd tidleg på 1800-talet då Negev-beduinar byrja å lage permanente busetjingar i Galilea. Suweid-stammen, som var ei av dei første beduinstammene som slo seg ned i regionen i eit område på toppen av Kamun og dei kalla staden Kamanneh. Som dei fleste arabarane i Galielea lever dei av jordbruk.
I 1963 erkærte israelske styresmakter området som militært treningsområde, og innbyggjarane stod i fare for å bli råka av villfarne kuler eller granatar. To år seinare vart landsbyen erklært «ikkje-anerkjent». I 1995 vart Kamanneh offisielt anerkjent av staten og vart ein del av Misgav regionale kommune.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kamanneh» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: